Åpen for alle - alltid

Pedofil-versting pågripen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kenneth John Freeman valdtok si eiga dotter, filma overgrepet og spreidde filmen på Internett. Etter ein 13 månader lang jakt er han no pågripen.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kenneth John Freeman (Foto: www.usmarshals.gov)Kenneth John Freeman (Foto: www.usmarshals.gov)

Den pedofile mannen var på veg frå fastlands-Kina til Hong Kong då han blei arrestert av kinesisk politi i går kveld. Arrestasjonen skal ha skjedd etter eit basketak der fire av tenestemennene blei skadde.

Amerikanaren er sikta for å ha valdteke si eiga dotter då ho var ti år gammal. Videopptak av overgrepet blei lagt ut på nettet, og skal vere blant dei mest nedlasta barneporno-videoane dei seinaste åra.

Kenneth John Freeman, ein 44 år gammal bodybuilder og dataekspert, budde i Seattle fram til i fjor, men rømte landet då overgrepet mot dottera blei kjend.

Han var på lista over U.S. Marshals 15 mest ettersøkte då han blei arrestert. I tillegg til amerikanske myndigheiter deltok også kinesisk, tyrkisk og gresk politi i jakta på Freeman.

Den no 17 år gamle dottera var med i TV-programmet «Americas Most Wanted» for å fortelje om overgrepet. Tips til eit nasjonalt senter for sakna og utnytta born i USA hjalp senteret med å identifisere jenta som offeret, i ein serie med barnepornografiske videoar, ifølgje AP.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi vil at Amerika skal vite at dette er grusomt. Dette er ein grusom ting som skjer i samfunnet vårt kvar einaste dag, sa jentas stefar Chris Peale på ein nyheitskonferanse.

- Barn blir voldteken, og eg kan ikkje sei deg kor viktig det er at familiane støttar desse barna.

No risikerer Kenneth John Freeman fengsel på livstid, blant anna for tre valdtekter og spreiing av barneporno.

Kjelde: AP