Eit grønare Apple
Dataselskapet Apple har tidlegare blitt skulda for å vere miljøversting. Greenpeace kom med krass kritikk mot selskapet i sin «Guide to greener electronics» der dei rangerer verstingane blant dei store elektronikkprodusentane. Apple kom dårlegast ut, og produkta deira skal innehalde ei rekkje kjende miljøgifter.
No svarar selskapet på kritikken med kampanjen «A Greener Apple », som blei presentert på onsdag. Ifølgje Apple-sjef Steve Jobs vil selskapet snart vere grønare enn flesteparten av konkurrentane, melder Reuters.
I «A Greener Apple», omtalt på selskapets nettsider, gir Jobs for første gong detaljar om kva selskapet gjer for å fjerne giftige kjemikaliar frå sine nye produkt og for å intensivere resirkuleringa av gamle produkt.
Selskapet planlegg å fullstendig eliminere bruken av arsenikk i alle skjermane sine, og stanse bruken av polyvinylklorid (PVC) og bromerte flammehemmarar (BFR) i produkta sine innan utgangen av 2008. PVC er i tillegg til å vere skadeleg for miljøet også direkte helseskadeleg for menneske.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenSelskapet, som har base i Cupertino, California, seier også at dei skal byggje opp eit program til Apple-butikkane denne sommaren, der dei tar tilbake uønska iPod digitale medie-spelarar for å sikre miljøvennleg handsaming av avfallet.
«Vi ber om orsaking for å ha halde dykk i uvissa så lenge», skreiv Jobs, og la til at selskapet vil gi oppdateringar kring miljøinnsatsen minst ein gong i året.