Eit grønare Apple

Apple vil kvitte seg med stempelet som miljøsvin og lovar meir miljøvennlege produkt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

(Foto: www.apple.com)(Foto: www.apple.com)

Dataselskapet Apple har tidlegare blitt skulda for å vere miljøversting. Greenpeace kom med krass kritikk mot selskapet i sin «Guide to greener electronics» der dei rangerer verstingane blant dei store elektronikkprodusentane. Apple kom dårlegast ut, og produkta deira skal innehalde ei rekkje kjende miljøgifter.

No svarar selskapet på kritikken med kampanjen «A Greener Apple », som blei presentert på onsdag. Ifølgje Apple-sjef Steve Jobs vil selskapet snart vere grønare enn flesteparten av konkurrentane, melder Reuters.

I «A Greener Apple», omtalt på selskapets nettsider, gir Jobs for første gong detaljar om kva selskapet gjer for å fjerne giftige kjemikaliar frå sine nye produkt og for å intensivere resirkuleringa av gamle produkt.

Selskapet planlegg å fullstendig eliminere bruken av arsenikk i alle skjermane sine, og stanse bruken av polyvinylklorid (PVC) og bromerte flammehemmarar (BFR) i produkta sine innan utgangen av 2008. PVC er i tillegg til å vere skadeleg for miljøet også direkte helseskadeleg for menneske.

Selskapet, som har base i Cupertino, California, seier også at dei skal byggje opp eit program til Apple-butikkane denne sommaren, der dei tar tilbake uønska iPod digitale medie-spelarar for å sikre miljøvennleg handsaming av avfallet.

«Vi ber om orsaking for å ha halde dykk i uvissa så lenge», skreiv Jobs, og la til at selskapet vil gi oppdateringar kring miljøinnsatsen minst ein gong i året.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus