Muslimske kvinner finn kjærleiken på nettet

Muslimske kvinner finn kjærleiken på nettet
Muslimske kvinner finn kjærleiken på nettet
Artikkelen fortsetter under annonsen

Muslimske kvinner i Storbritannia brukar nettet aktivt for å finne seg ein ektemann.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Skjermdump av sida singlemusmlim.com.

Det er ikkje lenger uvanleg å finne seg ein ny kjærast på nettet. Men muslimske kvinner går hardare ut enn dei fleste, og søkjer aktivt etter potensielle ektemenn.

Dei to siste åra har det vore eit kraftig oppsving i bruken av nettsider som formidlar ekteskap mellom tradisjonelle muslimar, melder Reuters.

Der ekteskapa tidlegare var eit arrangement som gjerne blei ordna av foreldra, med hjelp av religiøse leiarar, speler Internett no ei stadig større rolle. Nettet fører partnarane saman, og ekteskap er eit uttalt mål.

Nettsida singlemuslim.com kallar seg sjølv for Storbritannias største kontaktformidlingsbyrå. Etter at ryktet om tenesta har spreidd seg - ikkje berre til dei unge, men også foreldra deira - har talet på registrerte brukarar kome opp i 100.000, noko som skal vere meir enn dobbelt så mange som for eitt år sidan.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Etterspørselen etter tenesta skal vere så stor at grunnleggjaren Adeem Younis no opnar liknande nettsider for USA, Canada og Australia.

- Suksessen vår er ekstrem, seier han til Reuters.

- I gjennomsnitt finn to personar kvarandre om dagen. Vi ser at talet på tradisjonelle, arrangerte ekteskap fell kraftig etter kvart som dette blir meir populært.

Kvinner får meir makt

Liknande nettsider finst også for sikher, hinduar, tamilar og andre sørasiatiske grupper.

På nokre av desse sidene utgjer yrkesaktive kvinner med inntekter høgare enn gjennomsnittet meir enn halvparten av dei registrerte brukarane. Kvinnene brukar tenesta for å spare tid og for å få fleire valmoglegheiter. Dei er direkte på kva dei ønskjer og stiller krav til den potensielle partnaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Må vere britisk statsborgar, helst oppvokst i Storbritannia», skriv Anita, sunni-muslim og typisk brukar av av desse sidene. «Når likskap er bekrefta, vil eg føretrekkje familieinvolvering. Familien min veit at eg er på utkikk og eg vil føretrekkje nokon som ser med løyve frå sin familie.»

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette er ein revolusjon, seier Geeta Sri Vastav, leiar for Storbritannias www.shaadi.com, som kallar seg sjølv verdas største ekteskapsbyrå med ti millionar registrerte brukarar, dei fleste i Sør-Asia: India, Pakistan, Sri Lanka og Bangladesh.

- Tidlegare hadde ikkje ei asiatisk kvinne som var kome noko opp i åra mange val når det kom til ektemann. Med Internett har alternativa hennar auka dramatisk.

- Der ho før kunne møte 10 eller 20 menneske gjennom familien, har ho no potensielt sett millionar å velje mellom. Ho har initativet. Internett har gitt ho makt og høve til å skape sin eigen lagnad når det kjem til ekteskap.

Færre tverrnasjonale ekteskap

Ei anna følgje av slike nettsider, er ein auka tendens til at unge muslimer i Storbritannia vel folk frå den britiske, muslimske befolkninga, i staden for å hente ektemake frå «gamlelandet», som var vanleg tidlegare. Tverrnasjonale ekteskap er dessutan meir problematiske enn tidlegare, grunna gapet i livsstil, helse og framtidsutsikter mellom Storbritannia og dei landa som muslimar opprinneleg kjem frå, Pakistan eller Bangladesh.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nye innvandringslover etter 11. september 2001 har også gjort det vanskelegare for potensielle ektemakar å kome til Storbritannia for giftarmål.

Det er ingen presise tal på muslimske ekteskap i Storbritannia, men ifølgje muslimske leiarar er det færre arrangerte ekteskap no enn tidlegare. Dei viser til utdanning og Internett som hovudårsaka.