Unni Drougge: «Penetrering» (Bazar 2007, 260 sider, omsett av Nina Aspen)Ekstrem forvandling

Artikkelen fortsetter under annonsen

Menn har penismakt og kvinner er undetrykte horer.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Det kan verke som dette er bodskapen i den svenske romanen «Penetrering», som nyleg er omsett til norsk.

Det er ein dyster samfunnsanalyse feministen Unni Drougge har skrive.

Kunstnaren Maximilian Frisk meiner å ha gjennomskoda kulturens underliggjande maktststrukturar. Mannen vil, i kraft av å ha ein penis, uungåeleg ha overtaket og kontrollere kvinna. Kvinner kan ikkje pule, berre bli pult, og i det ligg det ei underkasting som strekkjer seg lenger enn sjølve sexakta. «Pikken vinner alltid», seier Maximilian.

Reality-kjendisar er billige horer, til sals for tre gin & tonic'er. I staden føretrekk Maximilian ei meir ærleg hore, «uten slanking, solarium, trim, cellulittbehandling».

Kvinnene er i denne romanen reduserte til sytande, sippande og skvaldrande småhøns. Kjærleikshungrige og usikre let dei seg villig undertrykkje og misbruke av mannen. Under dekkje av svevande flosklar om «kjærleik» brukar dei livet på å byggje rede:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner besitter helt klart en beundringsverdig evne til å hele tiden sysle med ting i hjemmet og bruker tid og engasjement på private ting utenom ordinær arbeidstid. Men å gi seg fullstendig hen til yrkeslivet er som regel utenkelig for hunkjønnet. En kvinne vil «ha det bra». Hun vil bygge vatt av feelgood rundt tilværelsen og helst ikke forlate det trygge, livmoraktige krypinnet der hun mener at selve livet leves. For henne er det lille livet stort nok.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ifølgje Maximilian Frisks analyse gjer dette kjærasten Linnéa ute av stand til å skape, fordjupe seg, slik han sjølv gjer i kunsten.

Forfattar og feminist Unni Drougge. (Foto: Erlend Aas / SCANPIX)Forfattar og feminist Unni Drougge. (Foto: Erlend Aas / SCANPIX)

Hadde ein endå kunne le høgt av dei mange tesane til den godaste Frisk, men dessverre kjenner ein seg tidvis kraftig råka og kan ikkje la vere å tenkje at «ja, det er slik heng det saman». Og dét er inga god kjensle. For kulturanalysen Drougge gjennomfører i denne romanen, er så rå og kompromisslaus at lesaren tidvis kjenner sterkt ubehag:

Artikkelen fortsetter under annonsen

Kvinner er kun til gavn for menn i egenskap av at de har et kroppshull å ejakulere i. Og som ideen om et ubesudlet vesen, som straks lokker fram den destruktive lysten til å dra den opphøyde madonnaen ned i dritten og pule ræva av henne.

For den som har lese ein del feministisk litteratur tidlegare, er ikkje dette sprengstoff. Det er heller ikkje noko nytt at vi lever i eit gjennomseksualisert samfunn, eller at kvinner sjølv tar rolla som objekt. Likevel er dette strukturar som ikkje kan påpeikast ofte nok, og at det blir tilgjengeleggjort for og tilrettelagt i ein velskriven, lettlesen og medrivande roman, er det beste av alt.

Ein tydeleg referanse er Valerie Solanas ekstreme SCUM-manifest, som også Maximilian refererer til i romanen. Det er ein liknande ekstremisme han vil gjennomføre som kunstnar då han bestemmer seg for å frigjere seg frå kjønnsmaktordninga. Han vil ikkje lenger vere underlagt kjønnsdrifta, som per definisjon er undertrykkjande.

Maximilian Frisk bestemmer seg for å gjere seg sjølv om til eit kunstverk. Og det er denne ekstreme forvandlinga lesaren følgjer i romanen. Groteskt, provoserande, men det verkar.

Karakter: 7 av 10