Jenterekruttering gir resultat

Artikkelen fortsetter under annonsen

NHO Agder, LO og fylkeskommunane i Agder har gjort ein aktiv innsats for å fleire jenter til å velje tekniske fag. Dette gir resultat.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Talet på jenter som søkjer ingeniørfag i Agder har auka med 25 prosent frå i fjor, frå 100 til 125. Til ingeniørstudiet i byggdesign er halvparten av dei 74 søkjarane jenter.

Ifølgje undervisningsrådgjevar i NHO, Fred Skagestad, er dette takka vere prosjektet «Jenter og teknologifag på Sørlandet». Prosjektet er eit samarbeid mellom NHO, LO, Aust-Agder- og Vest-Agder-fylkeskommunar. Føremålet er å bidra til auka interesse for teknologifag hos jenter, blant anna ved å vise jenter fram som førebileter, og på lengre sikt få betre tilgang på kvalifisert arbeidskraft.

Prosjektet blei starta for fire år sidan. På tre år har talet på jenter som søkjer ingeniørfag auka med 300 prosent, melder NHO.

I løpet av dei fire siste åra skal interessa for tekniske fag i vidaregåande skular på Sørlandet vere fordobla blant jenter.

- Målsetjinga er førti prosent jenter innan 2010. Resultatet frå bygg viser at det er mogleg, seier Fred Skagestad.

Talet på søknader til ingeniørstudiar går opp over heile landet. Ifølgje tal frå Samordna opptak har talet på førsteprioritetssøkjarar auka med 35 prosent blant jenter.