Grenselaust oppteken av kart

Grenselaust oppteken av kart
Grenselaust oppteken av kart
Artikkelen fortsetter under annonsen

WikiMap, Gule Sider, Virtual Earth, GPS … Tilbodet av kart og navigeringssystem er enormt, og fascinasjonen for kart er ikkje mindre.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Bilde:
Tor Åge Bringsværd er forfattar og generalsekretær i Norsk Kartozoologisk Forening - og meir enn gjennomsnittet oppteken av kart. Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix.

Dette er eit kart over Stamsund, eller ein «Tykkfallen Stamshund», alt etter som ein vel å sjå det. Frå Norsk Kartozoologisk Forening sine heimesider.Dette er eit kart over Stamsund, eller ein «Tykkfallen Stamshund», alt etter som ein vel å sjå det. Frå Norsk Kartozoologisk Forening sine heimesider.

Stamsund, Lofoten

Ein av dei tre generalsekretærane i Norsk Kartozoologisk Forening, Eilert Sund, rapporterer i 2003 funnet av ein «Tykkfallen Stamshund». Norsk Kartozoologisk Forening tar utgangspunkt i kartet og prøver å finne omrisset av eit dyr, til dømes ein «Frognersk Riesenterrier». Terrieren femnar, som ein kan skjøne av tittelen, om området kring Frogner i Oslo. Og den tjukkfalne stamshunden held til i Stamsund.

Ifølgje ein av dei andre generalsekretærane, Tor Åge Bringsværd, er dette eit ypparleg utgangspunkt for å utforske kjende og mindre kjende geografiske område.

Bringsværd kan for så vidt sjølv plasserast i kategorien «meir enn vanleg oppteken av kart».

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

– Eg hugsar at eg lurte med meg tantes gamle atlas og smug-las på senga lenge etter at lyset skulle vore sløkt, mimrar han. Fascinasjonen har vart ved.

- Kart er bra fordi dei gir oss eit komprimert bilde av verkelegheita.

Det er og veldig bra å lære små barn å orientere seg gjennom kart. Ein kan teikne opp gater og hus og fylle på etter kvart som dei kjenner seg att.

Sjølv brukar Bringsværd digitale kart når han skal reise vekk og treng planleggje reisa. Men GPS trur han ikkje er noko for han:
- Viss eg skulle sete og høyrt på ein GPS som snakka til meg, så ville eg blitt så distrahert at eg ville vore trafikkfarleg!

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

NTNU, Trondheim

Student Mari Alvik Hagen har ein «sær fascinasjon for kart», ifølgje heimesida til Ila Brass Band, kor ho speler 2. baryton. 22-åringen studerer elles på NTNU og reknar med å bli vassdragsteknikar ein gong i framtida.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Studentersamfundet i Trondheim sett gjennom linsa til Virtual Earth.Studentersamfundet i Trondheim sett gjennom linsa til Virtual Earth.

- Kart handlar å vere nysgjerrig, det set fantasien i sving og let tankane flyge.

Ho har, til liks med Bringsværd, drege gleda over kart med seg frå barndommen over i vaksenlivet.
- Eg har alltid vore oppteken av geografi, bladd mykje i atlas, reist mykje.

Sommarjobben frå i fjor måtte i så måte vere bortimot optimal for ei som finn store gleder i lengde- og breiddegrader: Mari Alvik Hagen jobba med oppmåling og gamle kart i Vegvesenet.

- Digitale kart er greie, dei, men eg synest eigentleg gammaldagse kart er best.

Hamar/Calabar

Poeten Rolf Jacobsen var svært oppteken av å finne stadnamn med god klang. Namna brukte han i dikta sine, som til dømes i diktet «Bussene lengter hjem», kor han snakkar om Lualalambo, N´Kangsamba og Calabar.

«Jeg foretrekker ofte et godt kart fremfor en god bok!», skal Jacobsen ein gong ha sagt til lokalavisa, fortel Rolf Jacobsen-biograf Hanne Lillebo.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rolf Jacobsen - ein poet med ei stor begeistring for kart. Jacobsen laga Hamars første turistkart. (Foto: Jon Eeg / NTB / SCANPIX)Rolf Jacobsen - ein poet med ei stor begeistring for kart. Jacobsen laga Hamars første turistkart. (Foto: Jon Eeg / NTB / SCANPIX)

- Jacobsen har nok sete med Afrika-kartet framføre seg då han skreiv «Bussene lengter hjem» på 50-talet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Jacobsen hadde ei stor kartsamling, han reiste mykje, og brukte aktivt stadnamn som poetiske verkemiddel i dikta sine.

- Det mange ikkje veit, er at Jacobsen sjølv teikna kart, fortel Lillebo.

- Han laga faktisk Hamars første turistkart i 1953. Han gjekk, sykla, skritta og målte opp heile byen. Det må kunne seiast å vere noko spesielt for ein poet.

Virtuelle Drammen

Microsoft har som mål å leggje Noreg under seg. Som ein del av si Live-satsing, driv Microsoft og byggjer opp den interaktive karttenesta Virtual Earth. Førebels er Trondheim, Oslo og Drammen klare.

I Virtual Earth ser du rett inn i byen, anten i eit kart eller i bilde. Du kan og panorere og sjå byen i 3D. Benedikte Løvdal og Helge Birkelund frå Microsoft fortel at tenesta i første rekke vender seg til den vanlege forbrukaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Viss du skal kjøpe hus til dømes, så kan du søke deg fram til adressa på ledige hus og sjå korleis det ser ut der. Er du heldig, har kanskje seljaren lagt ut ein link slik at du kan sjå huset inni også, sjølv om det ikkje er ein integrert del av Virtual Earth.

Hit men ikkje lenger: Du kjem ikkje så nære på innbyggjarane i Drammen at du kan identifisere dei.Hit men ikkje lenger: Du kjem ikkje så nære på innbyggjarane i Drammen at du kan identifisere dei.

For dei som synest dette høyrest ut som den meir kjende Google Earth, så kan dei ha rett i at det liknar mykje.

– Men me nyttar ein annan teknologi, og bildetilfanget er noko anna i Noreg.

Bilda i Virtual Earth kjem frå satellitt eller blir tatt med kamera frå helikopter. Er du redd nett du skal vere så uheldig å bli med på bilde utan at du veit det - kanskje medan du solar deg topplaus på verandaen heime – så skal du vite at folka bak Virtual Earth har pålagt seg sjølve visse avgrensingar:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Me går aldri nærmare enn 20 meter, og me tar stort sett bilda på dagtid då folk flest er på jobb.

Det skal ikkje vare lenge heller, meiner dei, før heile Noreg er på plass i det digitale, søkbare kartet.

- Me har bilde klart for om lag 90 prosent av landet, men det gjenstår ein del arbeid med å få sett det heile i system.