Nekta innsyn i Haga sitt departement

Nekta innsyn i Haga sitt departement
Nekta innsyn i Haga sitt departement
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) vil ikkje fortelje omverda om dei tilsette har erfaring frå å arbeide i kommunar eller fylkeskommunar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, finn det merkeleg at ei regjering som ivrar for meiroffentlegheit ikkje vil la pressa stille dei folkevalde i KRD nokre spørsmål kring bakgrunnen deira. (Foto: Einar Schibevaag)Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen, finn det merkeleg at ei regjering som ivrar for meiroffentlegheit ikkje vil la pressa stille dei folkevalde i KRD nokre spørsmål kring bakgrunnen deira. (Foto: Einar Schibevaag)

Avdelingsdirektør Torbjørn Dolva i KRD takkar først ja, men så nei av prinsipielle grunnar, til gje ålmenta kjennskap til om dei tilsette har erfaring frå ein kommuneorganisasjon.

- Regjeringa fortel oss at dei vil vere meir opne, men viser her det motsette, seier assisterande generalssekretær Arne Jensen i Norsk Redaktørforening.

Ti år etter

For ti år sidan gjorde Norsk Plan den same kartlegginga i samarbeid med KRD og fann at berre ei handfull av dei meir enn 150 tilsette i departementet hadde praksis frå ein kommune eller ein fylkeskommune.

På oppdrag for ABC Nyheter ville ein gjere kartlegginga på ny med dei same spørsmål som sist, som til dømes:

- Har du tidlegare vore tilsett i ein kommune/fylkeskommune?

- Har du hatt andre stillingar i kommunaldepartementet eller andre departement?

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Kor mange år har du arbeidd i departementet?

Ja, så nei

Etter fleire purringar til avdelingsdirektør Torbjørn Dolva i KRD på å få gjennomføre kartlegginga, kom det fram at han var innstilt på å gje oss tilgang til e-postadressene slik at ei anonym nettkartleging kunne gjennomførast. Men først måtte ekspedisjonssjef Gunnar Andersen kontaktast.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kort tid etter låg denne e-posten føre til ABC Nyheter sin redaksjon:

«KRD vil beklage at det har tatt lang tid i gi et svar i denne saken. KRD mottar mange henvendelser av lignende karakter. Av prinsipielle begrunner beklager vi å måtte meddele at KRD ikke finner å kunne delta i den forespurte kartlegging.» (Torbjørn Dolva)

Kritisk

Ordførar i Våga, Rune Øygard, er ikkje overraska, men skuffa over mangelen på vilje til å gje ålmenta innsyn i eit så viktig spørsmål.

Han meiner det er rett å stille spørsmål om det er ei medviten haldning å hindre innsyn og ein open debatt om funn som kunne kome fram gjennom ei slik kartlegging.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Departementet skal leggja til rette for kvardagen vår ute i kommunane. Er det slik at få har erfaring frå denne kvardagen i departementet, er det alvorleg og uheldig.

Teoretisk kompetanse er ikkje nok, meiner Øygard.

Fylkesordførar Nils R. Sandal i Sogn og Fjordane fylkeskommune støttar langt på veg Øygard og legg til at ei ordningar der tilsette i departementet og kommune kunne hospitere hjå kvarandre ville vera eit bra tiltak.

- På den måten kunne me lære av kvarandre i staden for å skape skilje mellom departementet sine tilsette og fotfolket ute i kommunane.

Overraska

Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Arne Jensen stussar over departementet si haldning i denne saka. Storting og regjering vil ha meir openheit, men manglande vilje til innsyn viser det motsette.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Denne kartlegginga ville gitt informasjon som mange ville vere opptekne av å få tilgang til.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Her kan me få eit inntrykk av at det kan vera frykt for dei funn ein kan finne i ei slik kartlegging, og at det hindrar innsyn.

Impulsar

Blir folk for lenge i eit slikt system utan ytre påverknad, utviklar det seg ein eigen kultur, meiner Øygard. Då er vegen frå å vere ein medspelar for det folkevalde nivået til å bli ein motpart kort.

- Me kjenner alle døme på dei statsrådar som er komne inn i eit departement og som måtte snu på hælen når viljen til å endra innarbeidde rutinar har blitt for stor.

Tekst: Einar Schibevaag/Bente Kjos Wenjum
Foto av Åslaug Haga: Scanpix

LES OGSÅ DISSE RELATERTE SAKENE: Få klager på hemmelighold

Hemmeligholder hvert femte dokument

Kritiserer regjeringen for hemmelighold