Postmann designa nytt flagg for Orknøyane

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein postmann designa det nye offisielle flagget for Orknøyane ved hjelp av fargestiftane til barnebarna. Men flagget er mistenkjeleg likt det norske...

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Slik ser det nye offisielle flagget til Orknøyane ut. Liknar det noko du har sett før?Slik ser det nye offisielle flagget til Orknøyane ut. Liknar det noko du har sett før?

Det originale flagget til Orknøyane hadde gul bakgrunn og ein raud kross. Men offisielle styresmakter bestemte i 2001 at det tradisjonelle flagget var for likt flagga til andre nasjonalitetar.

No har 52 år gamle Duncan Tullock teikna eit nytt flagg ved hjelp av fargestiftane til barnebarna Eilidh, 3, Grace på 2 og babyane Jennifer og Katie.

Tullocks forslag blei stemt fram som det beste av til saman hundre. Og det er nesten heilt identisk med det norske: raud bakgrunn, men krossen er blå og gul og ikkje blå og kvit.

Det tradisjonelle flagget til Orknøyane.Det tradisjonelle flagget til Orknøyane.

- Orknøyane har alltid blitt representert med raudt, så det var eit openbart val. Det gule symboliserer den kongelege standarden til både Skottland og Noreg, og blått er for Skottland og havet rundt oss, seier Tullock til BBC.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det første utkastet designa eg med hjelp av fargestiftane til barnebarna mine. Sjølvsagt, det endelege utkastet var meir profesjonelt, men det heile starta med deira crayon-stiftar og ei skissebok.

Den kreative postmannen håpar at flagget hans vil vere i bruk for all framtid.

- Eg nyt å bli kjend og håpar det vil vere ei stor feiring når det nye flagget skal lanserast, seier han.