Meny

GPS skal avsløre kvalrossen

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Danske forskarar skal satellittmerke kvalrossane for å finne ut kvar dei store beista held til om sommaren.

No vil danske forskarar finne ut kvar kvalrossen held til om sommaren. Biletet av desse to soltilbedarane er tatt på Svalbard. (Illustrasjonfoto: Jan-Morten Bjørnbakk/Scanpix)No vil danske forskarar finne ut kvar kvalrossen held til om sommaren. Biletet av desse to soltilbedarane er tatt på Svalbard. (Illustrasjonfoto: Jan-Morten Bjørnbakk/Scanpix)

Forskarane skal spore kvalrossane i to månader frå Vestgrønland og måle korleis jakt, prøveboringar og klimanedringar påverkar dyra, melder BBC.

Prosjektet blir leia av Grønlands Institutt for Naturressursar og det danske Polarsenteret.

På denne tida av året ligg Vestgrønland sine kvalrossar og latar seg på pakkisen i det tidlege vårsolskinet. Men etter kvart som temperaturen stig, vil isen byrje å trekkje seg tilbake og dyra vil snart bevege seg nordover mot eit kaldare klima. Men den eksakte lokaliseringa av sommarstaden til kvalrossane har lenge vore eit mysterium for forskarane.

- Vi vil finne ut kvar dei går hen, forklarar professor Erik Born, seniorforskar og ansvarleg for prosjektet.

Og for å gjere dette, planlegg han å bruke GPS-teknologi.

Dei danske forskarane vil følgje etter kvalrossane i trålarar nordover langs kysten. I løpet av to veker til sjøs, håpar dei å satellittmerke ti dyr. Kvar gong ein av dei merka kvalrossane dukkar opp av vatnet, vil dei sende signal opp til satellitten, og kvalrossane kan lokaliserast.

Satellittmerkinga vil berre vere festa på kvalrossane i to månader. Etter kvart som huden der merket er festa lækjer seg sjølv, vil merka falle av.

Truga av utrydding

Kvalrossen er svære dyr. Vekta deira kan kome opp i to tonn, og støttennene deira kan bli 80 centimeter lange.

I sjøen beveger dei seg grasiøst og raskt, men på land er dei treige i vendinga og klossete, noko som har gjort dei til enkle mål for jegerar. Kvalspekket, skinnet, elfenbeinet og kjøttet har gjort dei til populære jaktobjekt over dei siste 500 åra, noko som har ført til at nokre av artane er på grensa til å bli utrydda.

I dag er nokre av kvalrossartane freda, men dei som held til langs kysten av Grønland og Canada blir framleis jakta på.

Forskarane planlegg også å følgje med på om kvalrossen let seg påverke av lokal prøveboring etter olje. Kvalrossane et muslingar og andre sjødyr langs sjøbotnen, men somme av desse livsnødvendinge matstasjonane deira ligg i område som også har vist seg å vere interessante for oljeindustrien.

Klimaendringar

Og som alle andre polardyr, står kvalrossen overfor store problem på grunn av klimaendringane. Stigande temperatur gjer at pakkisen beveger seg lenger nord. Dette betyr trøbbel for fleire artar.

- Muslingane som kvalrossen livnærer seg av, held til i grunt vatn, seier professor Born.

- Så anten kan kvalrossen følgje etter pakkisen nordover, og halde seg over djupare farvatn der dei ikkje kan livnære seg, eller bli att i open sjø, utan å kunne kvile seg på isen etter måltida, noko dei er avhengig av.

Dei danske forskarane planlegg å køyre satellittmerking av kvalross over fleire år.

Via BBC sine nettsider kan du følgje dei danske forskarane og kvalrossane si ferd nordover.

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus