Skitt gir godt humør
Skitt gjer deg gladare og friskare, melder BBC.
Lungekreftpasientar som blir behandla med «vennlegsinna» bakteriar som normalt finst i jord, har meldt om betring av livskvaliteten.
Mus eksponert for same type bakteriar, produserte meir av «lukkestoffet», serotonin, til hjernen, ifølgje forskarane ved Universitetet i Bristol.
Antidepressiva som Prozac og andre lukkepiller verkar ved at dei aukar menga serotonin lokalt i hjernen. Mangel på serotonin blir kopla til depressive lidingar.
- Gå ut og leik i søla
Forskarane bak studien seier at det er nødvendig med meir forsking for å kunne bestemme om bakterien Mycobacterium vaccae har beroligande og humørfremjande eigenskapar, gjennom å aktivere serotonin-nerveceller .
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsen- Desse studiane hjelper oss til å forstå korleis kroppen kommuniserer med hjernen og kvifor eit sunt immunforsvar er viktig for å halde ei god mental helse ved like, seier forskingsleiar Dr. Chris Lowry.
- Dei kan også få oss til å undre på om vi ikkje alle skulle leike meir i søla.
Ifølgje Lowry kan denne forskinga hjelpe ekspertar med å forstå kvifor eit immunforsvar i ubalanse kan gjere somme meir sårbare for humørforstyrringar som depresjon.
Kan føre til autoimmune sjukdommar
Også kanadiske forskarar skal ha peika på sambandet mellom serotonin, humør og immunitet.
Eit forskingsteam ved Georgetown University Medical Centre i Washington har desutan nyleg oppdaga at serotonin blir frakta mellom nøkkelceller i immunapparatet og at stoffet kan aktivere respons frå immunsystemet.
Dette kan tyde på at serotonin kan restituere eit sunt immunapparat hos menneske som er deprimerte og slått ut av infeksjonar.
Artikkelen fortsetter under annonsenMen det er også ei bakside ved dette. Det er mogleg at serotonin, og antidepressiva som aukar serotonin-nivået i hjernen, vil gjere immunsystemet så kraftig at det utløyser autoimmune sjukdommar, der kroppen går til åtak på seg sjølv.
- På dette stadiet veit vi rett og slett ikkje korleis desse stoffa kan påverke immunforsvaret, så vi er nøydde til å klargjere den normale rolla til serotonin i immuncellene.