Sydande heitt i Sevilla

Artikkelen fortsetter under annonsen

Robert Wilsons siste roman på norsk er den perfekte påskelektyren for den meir røynde krimlesaren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir:

Litteratur i ABC Nyheter

Litteratur på Startsida.no

«De skjulte morderne»
Robert Wilson
Originaltittel: «The Hidden Assassins»
Omsett av Per Kristian Gudmundsen
(Gyldendal 2007, 539 sider
)

Robert Wilson er eit av dei store namna i krimlitteraturen for tida. Den første boka hans på norsk, «Et lite drap i Lisboa», fekk strålande kritikkar då ho kom i 2002. I 2003 kom den første boka med drapsetterforskar Javier Falcón i hovudrolla, «Den blinde mannen i Sevilla». «De forsvunne hendene» følgde to år seinare, og no er altså tredjeboka her - ein omfangsrik og intrikat roman som krev at lesaren tar seg tid og finn roen i påskesola.

Ubehageleg nær brutaliteten

Romanen blir innleiia med inspector jefe Falcóns etterforsking av eit lik funnen på ei søppelfylling - med avskorne hender og andletet etsa vekk av syre. Det er tydeleg at identitetet til den drepte skulle haldast skjult. Men denne saka blir raskt stilt i skuggen av eit massivt bombeattentat mot eit bustadskompleks i utkanten av Sevilla:

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Falcón arbeidet seg frem gjennom de gående sårede. [...] Lyset var blitt uvirkelig, solen hang hyllet i et slør av røyk og en rødlig tåke. Det lå en luft i lukten som ikke var umiddelbart gjenkjennelig for dem som ikke hadde opplevd krig. Den tettet neseborene med pulverisert murstein og betong, rå kloakk, åpne rør og noe motbydelig kjøttaktig. Atmosfæren vibrerte, men ikke av noen definerbar lyd, selv om folk lagde støy - snakket, hostet, kastet opp og stønnet - det var mer som en luftbåren tinnitus, fremkalt av en kollektiv menneskelig forferdelse over dødens nærhet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Framstillinga av bombeeksplosjonen, kaoset og lidinga etterpå, er suveren og realistisk. Wilson skriv detaljert, men nøkternt. Han går aldri over i det makabre og meskar seg ikkje i det fælslege. Skildringane er likevel så nærgåande og gode at ein som lesar føler seg ubehageleg nært brutaliteten. Referansar til terrorangrepet i Madrid, då pendlartog blei bomba av islamske ekstremistar den 11. mars 2004, dannar eit bakteppe som gjer handlinga enno meir nær og truverdig.

Artikkelen fortsetter under annonsen

I kjellaren til det sprengde bustadskomplekset låg ein moské. Då det blir funnen ei utgåve av koranen, med koda meldingar, i nærleiken, blir mistanken raskt retta mot islamske terroristorganisasjonar. Høgrepopulistiske krefter utnyttar frykta til å sikre seg makt, eit velkjend scenario. Men Javier Falcón går som vanleg sine eigne vegar, og spenninga stig då han oppdagar at ein ny og større terroraksjon er under planlegging.

Menneske på randen

For denne lesaren var det ikkje berre sjølve thrillerforteljinga som gjorde romanen lesverdig, men i like stor grad menneska og atmosfæren rundt: Den radmagre og snobbete Inés som blir mishandla og bedratt av ektemannen, dommar Esteban Calderón, umetteleg på kvinner, ikkje minst den varmblodige kubanaren Marisa Moreno. Fleire av romanpersonane er på randa av psykisk samanbrot. Den forslåtte Inés, Fernando som har mista kona og sonen i bombeangrepet, Consuela, ekskjærasten til Falcón, som går i opprivande psykoterapi, og ikkje minst Falcón sjølv, som blir satt under hardt press i etterforskingsarbeidet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Lesaren blir dratt inn i eit sydande heitt Sevilla, ein patriarkalsk kultur der kvinnene har sylspisse stilletthælar og mennene pengar og makt - eit uvanleg friskt miljø for ein som er vant til tradisjonell skandinavisk og britisk krim.

Til tider blir det for mange detaljar, for mange namn å halde styr på, i alle fall for denne lesaren. Plottet er intelligent, men komplisert, og krev at ein tar seg tid. «De skjulte morderne» vil med andre ord vere perfekt påskelektyre for den meir røynde krimlesar.

Karakter: 8/10