IBM utviklar programvare for svaksynte og blinde:Snart kan blinde «sjå» videosnuttar på Youtube

Artikkelen fortsetter under annonsen

Teknologigiganten IBM vil snart lansere ein multimedia-nettlesar som vil gjere lyd- og videoinnhald meir tilgjengeleg for svaksynte.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Illustrasjonsfoto: IBM Norge)(Illustrasjonsfoto: IBM Norge)

No blir den teknologiske kvardagen enklare for svaksynte. Japanske Dr Chieko Asakawa har nemleg utvikla den såkalla Accessibility-browseren for IBM i Japan - «tilgjengelegheits-nettlesaren» på norsk. A-Browseren skal ifølgje BBC gi blinde og svaksynte den samme kontrollen over multimedia-innhald som det sjåande har når dei brukar musa.

Dr. Asakawa, som sjølv er blind, skal ha blitt meir og meir frustrert over den store mengda av informasjon og underhaldning på Internett ho ikkje hadde tilgang til. For tida konsentrerer ho og medarbeidarane hennar seg om innhald som er foreineleg med Real Player og Windows Media Player.

Ifølgje IBM vil programvaren vere tilgjengeleg seinare i år og dei håpar den vil vere gratis.

- Kontroll over lyden

Tradisjonelle skjermlesarar og snakkande nettlesarar for blinde kan ikkje formidle video og animasjon, som gjerne tar til å spele i same augneblink ei nettside blir lasta ned. Dette forstyrrar ofte talen frå skjermlesaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ved hjelp av A-Browseren vil ein svaksynt person kunne kontrollere mediainnhaldet ved å bruke førehandsdefinerte hurtig-tastar, og slepp såleis å måtte leite etter kontrollknappar ved hjelp av musa.

Nettlesaren gjer det også mogleg å seinke farta på videoar og kan tilpassast eit forteljarspor eller lydspor i tillegg, som ofte blir brukt for å gjere filmar og tv-program meir forståelege for blinde.

Volumknappen skal også gje brukaren høve til å tilpasse lyden frå ulike lydkjelder kvar for seg.

- Vi har byrja å sjå på tilgjengelegheit som eit svært viktig forretningsområde, seier Frances West, direktør ved IBM sitt senter for brukarstøtte.

- Ikkje berre fordi det er sosialt ansvarleg, men på grunn av eldrebølgja tenkjer vi at befolkninga generelt vil tene på slik teknologi.

IBM har enno ikkje avgjort om A-Browseren skal lanserast over heile verda eller om den først vil bli introdusert i enkelte utvalde land.