Dan Brown frikjend for plagiat

Artikkelen fortsetter under annonsen

Retten i London har no avgjord ein gong for alle at Dan Browns millionseljar «Da Vinci-koden» ikkje er plagiat.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

No har den britisk domstolen avgjort ein gong for alle at «Da Vinci-koden» ikkje er plagiat.No har den britisk domstolen avgjort ein gong for alle at «Da Vinci-koden» ikkje er plagiat.

Den britiske appell-domstolen bestemte onsdag at Dan Brown ikkje har plagiert boka «Hellig blod, hellig gral», utgjeven av Michael Baigent og Richard Leigh. Dei to historikarane skulda suksessforfattaren for å ha kopiert sentrale delar frå boka deira og brukt dei i over seks kapittel i «Da Vinci-koden».

Begge bøkene er basert på ein teori om at Jesus og Maria Magdalena var gift og hadde eit barn, og at slektslinja deira kan sporast heilt fram til i dag.

Men no har retten avvist at det er snakk om plagiat, og Baigent og Leigh sit igjen med saksomkostningar på 6 millionar dollar, nesten 36 millioner kroner.

I fjor kom Høgsteretten i London fram til same konklusjon.

«Da Vinci-koden» er ein av dei mest suksessrike romanar gjennom tidene, og har selt i over 40 millionar eksemplar verda over. Ein filmversjon av boka med Tom Hanks i hovudrolla blei lansert i fjor.

Kjelde: USAToday.com

Les også:

Ankesaken mot suksessforfattar Dan Brown har starta