Scientologar blir overvaka i Tyskland:- Ein trussel mot europeisk demokrati

- Ein trussel mot europeisk demokrati
- Ein trussel mot europeisk demokrati
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Scientologkyrkja trugar europeisk demokrati, hevdar scientolog-kritikar. - Tyskland bryt menneskerettane i sin diskriminering av religiøse minoritetar, svarar scientolog Matthias Fosse.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:

Opninga av den nye kontorbygninga til Scientologikyrkja i Berlin i januar i år. (Scanpix / Reuters / Arnd Wiegmann)

Scientologi er ei nyreligiøs organisasjon grunnlagd i 1951. Opprinneleg blei den starta som eit alternativ til psykoterapi, av science-fiction-forfattaren L. Ron Hubbard. I 1954 blei den første Scientologikyrkja grunnlagd. Scientologikyrkja har alltid vore kontroversiell og mottatt mykje kritikk, ikkje minst på grunn av at nyrekrutterte medlemmar ofte må kjøpe nye og dyre produkt (testar og analysar).

Scientologane ser på mennesket som eit udødeleg åndeleg vesen (kalla thetan) med eige sinn og eigen kropp.Thetanen har levd mange tidlegare liv og vil halde fram å å leve etter at kroppen døyr.

  • Mennesket er grunnleggjande godt, men har blitt "forstyrra" av smerte i løpet av livet.

  • Scientologikyrkja driv omfattande kampanjer over heile verda mot stoff og for menneskerettar. Dei har også eigne hjelpeprogram mot narkotika, kriminalitet, analfabetisme og så vidare.

  • Kjende scientologar er blant andre Tom Cruise, John Travolta, Beck, Chick Corea, Juliette Lewis og Pricilla Presley.

Scientologikyrkja er på offensiven i Europa, meldte ABC Nyheter torsdag. Det kontroversielle trussamfunnet opna nyleg eit seks-etasjers senter like ved Tysklands politiske sentralnervesystem, og har sikra seg tilsvarande kontorbygg i London, Madrid og Brussel.

- Ein trussel mot europeisk demokrati, hevdar nordmannen Andreas Heldal-Lund, som sidan midten av 90-talet har arbeidd aktivt mot Scientologikyrkja, framfor alt gjennom å spre kritisk informasjon om organisasjonen på nettet.

- Scientologane greier neppe å nå dei store massene, men dei blir ofte undervurdert og kan difor gjere ein del lokal skade, meiner han.

- Liknar fascisme

- Scientologkyrkja har eit indre sett med reglar, og det er ein scientolog si plikt å infiltrere offentlege kontor og påverke nøkkelpersonar i samfunnet. Såleis er organisasjonen ein trussel mot demokratiet, sidan dei forsøker å innføre eit anna regelverk enn det samfunnet er organisert etter, seier Heldal-Lund.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Samfunnssynet deira liknar mest av alt det George Orwell teikna opp i boka «1984». Det liknar fascisme, alt ser vakkert og flott ut utanfrå, men er råttent inni.

Heldal-Lund viser til avsløringar i USA, der scientologar skal ha brote seg inn hos journalistar og infiltrert FBI-kontor. Han meiner organisasjonen har ein unik stay-evne, trass i alvorlege avsløringar og dommar har dei framleis enormt med pengar:

- Scientologane har makta å lage ein teologi som verkar tiltalande. Leiarane tener masse pengar på dette, som i stor grad blir lurt unna skattemyndigheitene. Det er snakk om ein enorm flyt av pengar. Organisasjonen har jobba seg framover sidan 1950-talet med ganske grusomme metodar. I dag brukar dei kjendisar som Tom Cruise og John Travolta for å blende nye tilhengjarar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Heldal-Lund meiner han veit årsaka til at scientologane no driv og kjøper enorme kontorbygg i europeiske storbyar:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det handlar om endring av strategi. Sidan 1996 har kritisk informasjon blitt spreidd om dei på nettet, og nettet er den første motstandaren scientologane ikkje har greidd å knuse. Det merkar dei på pungen, inntektene deira stoppa opp og dei brukar stort sett oppsparte middel. Før saksøkte dei alle som uttalte seg negativt om organisasjonen, no prøver dei å kjøpe seg anstendigheit. I Brussel eig dei til dømes ein enorm, flott bygning, eit slags symbolsk hus, så det skal sjå ut som om dei er ordentlege, hevdar han.

- Øydelegg menneskeliv

Heldal-Lund fortel at folk frå heile verda har tatt kontakt med han etter at han starta å spre kritisk informasjon om organisasjonen på nettsida Operation Clambake.

- Det er ikkje lenge sidan eg fekk ein telefon frå ein fortvila amerikansk familie, den 20 år gamle sonen deira hadde tatt sjølvmord etter å ha vore med i Scientologkyrkja. Eg får telefonar frå foreldre som vil ha hjelp til å spore opp barna sine og høyrer historier om unge menneske som havnar på psykiatriske institusjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Tyskland diskriminerer minoriteter

Medan Andreas Heldal-Lund samanliknar læra til Scientologikyrkja med fascismen, brukar Matthias Fosse, informasjonssekretær i Scientologikyrkja i Oslo, ei tilsvarande samanlikning når han skal skildre tilstanden for religiøse minoritetar i Tyskland. Etter hans meining går det føre seg i systematisk trakassering av annleis tenkjande i landet:

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Tyskland si behandling av Scientologikyrkja kan karakteriserast som menneskerettsbrot. Dei driv ein form for sensur overfor religiøse minoritetar som går ut over demokratiet. Travolta ble nyleg førsøkt nekta å delta i eit talkshow av ein politikar, fordi han frykta han kom til å snakke om scientologi. Eg er sjokkert, seier Fosse, som sjølv er tysk statsborgar, men som har budd i Noreg sidan han var 13 år.

- Eg vil nesten gå så langt som å kalle det nynazistiske tendensar, slik dette landet går ut mot muslimar og alle annleis tenkjande. Tyskland er under hard skyts i menneskerettsrapportar når det gjeld dette emnet, fortel Fosse. Han meiner at kritikken mot landet ville ha vore endå hardare om ikkje landa som skriv dei kritiske rapportane hadde hatt økonomiske interesser i Tyskland.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fosse gjer ikkje anna enn å le av Andreas Heldal-Lund sin påstand om at inntektene til Scientologkyrkja er stoppa opp, og at det er rein PR-strategi å kjøpe store nybygg i europeiske storbyar.

- Kritikarar har påstått at scientologane er på veg ut sidan 60-talet. Sjølvsagt, i periodar har det gått dårlegare med oss som med alle andre trussamfunn, men medan vi på 60-talet hadde 11-12 organisasjonar til saman over heile verda, var talet i 2006/2007 oppe i 7000 og over 160 ordentlige scientologikyrkjer. I Noreg har det ikkje gått i same farten som i utlandet, men det har gått jamt framover, spesielt dei siste to åra, meiner han.

Scientologikyrkja i Oslo har i dag omlag 200 aktive medlemmar.