Scientologikyrkja på offensiven i Europa

Scientologikyrkja på offensiven i Europa
Scientologikyrkja på offensiven i Europa
Artikkelen fortsetter under annonsen

Scientologikyrkja driv for tida eit massivt propagandaframstøyt i Europa og har sikra seg enorme kontorbygg i ei rekkje hovudstadar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Foto:
Det nye kontoret til Scientologi-kyrkja i Berlin. Scanpix / Reuters / Arnd Wiegmann

Medlemmane i organisasjonen ventar på opninga av det nye kontoret til Scientologikyrkja i Berlin januar 2007. Organisasjonen sine framstøt er svært omstridde i Tyskland. (Scanpix REUTERS/Arnd Wiegmann)Medlemmane i organisasjonen ventar på opninga av det nye kontoret til Scientologikyrkja i Berlin januar 2007. Organisasjonen sine framstøt er svært omstridde i Tyskland. (Scanpix REUTERS/Arnd Wiegmann)

Den kontroversielle Scientologikyrkja opna nyleg eit massivt, seks-etasjers senter midt i maktas sentrum i Berlin, skriv Der Spiegel. Opninga blei markert med ein glamorøs fest i januar, der den verdsberømte jazzmusikaren Chick Corea - som sjølv er scientolog - opptredde som heidergjest.

Overvaka av tysk etterretning

Organisasjonen skal vere på offensiven i europeiske storbyar og sikra seg eit tilsvarande bygg i London like før jul. Tidlegare har dei opna kontor i Madrid og Brussel.

Scientologikyrkja er svært omstridd i Tyskland, og verksemda deira blir i enkelte tyske statar overvaka av tysk etterretning. Ifølgje Der Spiegel driv scientologane systematisk bearbeiding av det tyske parlamentet i eit forsøk på å infiltrere makta. Ei årsak til at organisasjonen sikra seg bygningen i Berlin - som ligg plassert like ved sentralnervesystemet til tysk politikk - skal vere eit uttalt mål om frå organisasjonen om å få scientologar inn i Riksdagshuset.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Scientologane si overtaking av bygningen skal ha kome som ei stor overrasking på Berlins lokale myndigheiter. Ein statleg eigedomsutviklar selde den moderne kontorbygninga til eit tilsynelatande uskyldig, København-basert eigedomsfirma, som viste seg å vere i hendene på eit av hovudkontora til Scientologkyrkja.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Om vi skal gjennomføre våre verdsomspennande planar for frelse, så må vi nå toppen i den tyske regjeringa i Berlin», skal det stå i eit Scientolog-dokument ifølgje Der Spiegel. Berlin-kontoret skal sikre at scientologane sine løysingar blir «introduserte til heile det tyske samfunnet».

Sabine Weber, visepresident for Scientologikyrkja i Tyskland, forklarar at hennar jobb går ut på å snakke med så mange innflytelsesrike politikarar og representantar for offentlege styresmakter som mogleg. Ho og kollegaene hennar skal vere svært aktive, særleg i det ho kallar «diskrimineringa» frå etablerte kyrkjesamfunn.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Rådmann Johannes Schmalzl i staten Baden-Württemberg kallar Scientologkyrkja for «ei farleg gruppe som brukar psykologisk manipulering og som har eit anti-demokratisk sjølvbilde. Det er ei gruppe som vil knuse vilja til kvar enkelt av sine medlemmar.»

Massiv motaksjon

Den tyske etterretningstenesta si interesse for scientologane er aukande, trass i det faktum at det har vore relativt stille rundt organisasjonen dei seinaste åra.

Etterretningstenesta skal vere alarmert av framstøyta og ønskjer å styrkje overvakinga av organisasjonen.

Telefonavlytting og anna overvaking av scientologane skjer blant anna i statane Bayern, Baden-Württemberg og Nedre Sachsen, men blei stansa i Berlin etter ein lokal rettskjennelse i 2003 som forbaud alle fomer for hemmeleg overvaking. I Hamburg har etterretningstenesta igjen tatt i bruk undercover-agentar og overvakingsmetodar som telefonavlytting.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Det skal alltid ha vore konsensus blant etteretningstenesta i Tyskland at Scientologikyrkja er ein tvilsam organisasjon som brukar psykologisk manipulasjon til å rekruttere og halde på medlemmar. Spørsmålet er om dei er ein trussel mot demokratiet. Berlins innanriksministerium hevdar at ein av årsakane til at dei stansa overvakinga, skal ha vore at organisasjonen var «meiningslaus».

Ein tidlegare framståande scientolog, austerriske Wilfried Handl, hevdar overfor Der Spiegel at dei såkalla «Ideal Orgs» i ulike europeiske hovudstadar, som den i Berlin, hovudsakleg jobbar mot eitt einaste mål: Å infiltrere politikken og innflytelsesrike nøkkelpersonar. Ifølgje eks-scientologen skal organisasjonen også ha ei eiga etterretningsteneste, som arbeider etter den «livsviktig plikta å ta hand om undertrykkande element i samfunnet som kan hindre vår ekspansjon.»