Alle treng ikkje fulltids ordførar

Alle treng ikkje fulltids ordførar
Alle treng ikkje fulltids ordførar
Artikkelen fortsetter under annonsen

Ordførarar treng ikkje vere ordførarar heile tida. – Somme kommunar kan greie seg med mindre, meiner ordførarkandidat Roe Lauvås (H) i Etne kommune.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Med den generelle skepsisen folk har til det politiske systemet, er det viktig at politikarar også syner edruskap, seier Lauvås til ABC Nyheter.

Deltids-ordførar

Medan andre kommunar hevar løna til ordførarane for å få dei opp på stortingsrepresentantane sitt nivå, meiner ordførarkandidaten til Etne Høgre det slett ikkje er naudsynt for ein ordførar å tene mykje eller jobbe fullt. Sjølv har Lauvås gitt klar beskjed om at han ikkje kjem til å jobbe full tid som ordførar viss han blir vald til hausten.

Klare skiljeliner

- Å snakke om ein ordførarstilling er ikkje heilt rett, meiner han.
- Ein ordførar innehar eit ombod eller eit verv.

Lauvås er oppteken av å skilje mellom politiske og administrative oppgåver.

- Alle kommunar har ein administrasjon som skal utføre dei oppgåvene kommunen er pliktig til å løyse. Sett på spissen kan ein seie et ein kommune faktisk kan greie seg utan politikarar, så lenge ein har folk tilsett til å ta hand om alle lovpålagde oppgåver.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Politisk styring

Ordførarkandidaten meiner ikkje dermed politikarar ikkje trengst. Det viktigaste, meiner han, er at det er klare linjer mellom det politiske og det administrative nivået.

- Administrasjonen skal til dømes syte for at kommunen har eit godkjend skuletilbod, så er det opp til politikarane og bestemme kor mange skular kommunen skal ha og kor mange trinn det skal vere på kvar skule.

Betale det som trengst

Kor mykje tid ein ordførar skal bruke på å vere ordførar, meiner Lauvås får bli opp til den enkelte kommune å avgjere, til liks med kor mykje ein ordførar skal tene.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det treng ikkje vere noko fast tak på kva ein ordførar skal tene, anten ein tar utgangspunkt i kva rådmannen i den aktuelle kommunen eller kva stortingsrepresentantane tener. Somme gonger må kanskje kommunen bu seg på å betale det ein ordførarkandidat forlanger for jobben.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Glød, ikkje pengar

Han meiner det er vel så naturleg å sjå ein samanheng mellom kva den einskilde ordførar tener i sin vanlege jobb og kva ho skal tene som politikar.

- Sjølvsagt skal politikarar ha dekka dei reelle utgiftene dei har med å vere folkevalde. Men det kan ikkje vere slik at ein går frå å tene til dømes 400 000 i jobben sin for så å få nesten det dobbelte som ordførar.

Folk skal gå inn i politikken med glød og engasjement, meiner han.

- Ikkje for å tene pengar.

Fakta:

Norske kommunar bestemmer sjølve kor mykje dei vil gje ein ordførar i løn og kor stor stillingsstorleik ordføraren skal ha. Nyleg kunne avisa Nationen syne til mellom andre Åseral og Audnedal kommune som har heva ordførarløna med mellom femti og seksti prosent.

Mange kommunar brukar grunnløna til stortingsrepresentantane (612 000 kroner per mars 2007) som grunnlag for fastsetjing av ordføraren si løn.