Gleda i den triste historia

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ei vakker, men sår historie om einsemd og grenseoverskridande kjærleik i New York.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir:

Litteratur i ABC Nyheter

Litteratur på Startsida.no

«Teppehandleren»
Meg Mullins
Originaltittel: The Rug Merchant
Omsett av Marianne Uthaug
(Damm 2007, 252 sider)

«Teppehandleren» er ei sørgmodig kjærleiksforteljing om forholdet mellom den iranske immigranten Ushman Khan og den nitten år gamle amerikanske studenten Stella. Kulissane som omgjev historia er New York, og handlinga er lagt til tida før 11. september 2001.

Dei er einsame, personane i Mullins' debutroman. Ushman har reist frå kona si i Tabriz for å selje kostbare kelim-tepper til velståande kunder i New York. Ushman har lukkast med forretningane og driv ein eksklusiv butikk midt på Manhattan, men føler seg framandgjort og aleine i det nye landet:

Han lurer på om dette skjer fra tid til annen. At en person noen gang er så alene og ubetydelig at han simpelthen slutter å eksistere. Cellene som danner kroppen hans, kunne komme til å renne ut gjennom føttene, og kun etterlate en dam med sølevann.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Overskridande kjærleik

Ushman får vite at kona Farak ventar barn med ein annan mann og vil skilje seg, og han blir råka av ein opprivande sjalusi. Då møter han nitten år gamle Stella, og dei to utviklar underleg nok eit kjærleiksforhold. Skilnadane mellom dei to er mange. Han er utlending, skilt, gråhåra, vennelaus, ho er ung, vakker, amerikansk.

Og her blir forteljinga verkeleg interessant: Korleis Ushman blir dradd mellom å føle seg utilpass og framandgjort saman med kvite amerikanarar, samstundes som han er frigjort og avslappa saman med den unge jenta, er realistisk og godt skildra. Meg Mullins får lesaren til verkeleg å tru på den elles så ulogiske kjærleikshistoria. Begjæret er så intenst, sårbarheita mellom dei så vond og sterk, at ein skal vere ganske iskald for ikkje å la seg gripe av forteljinga om dei to forhutla kroppane. Og trass i Stellas unge alder, blir ho heilt sentral for Ushamns evne til å tilpasse seg det amerikanske.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Truverdig og sympatisk portrett

Meg Mulllins har klart meisterstykket å skrive fram eit svært truverdig og sympatisk portrett av ein muslimsk mann som i utgangspunktet må verke ganske fjern frå ho sjølv som vestleg kvinne. Men kjensler som einsemd og begjær og redsla for å bli forlaten er allmennmenneskelege, og bind oss alle saman på tvers av kulturelle skilnadar. På nyansert vis får Mullins fram korleis Ushman både foraktar, men også blir dratt mot den amerikanske konsumkulturen:

I Amerika, der kvinnene viser sine mest hellige former, er det en påkjenning for mannen. Man kan se hans lengsel mens han med øynene sluker hver del av naken hud. Ushman foretrekker å holde sitt begjær for seg selv.
Han klarer heller ikke å forestille seg hvordan amerikanske menn klarer å la sine hustruer eller kjærester sykle på fortauet og gå i butikken med det meste av kroppen synlig. Bare tanken på at Farak skulle gå gjennom offentlige steder i et kort skjørt og bluse med utringet rygg er nesten mer problematisk enn tanken på henne i sengen med skredderen. Skredderen var da i det minste kun én mann, ikke en hel by.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Samstundes som Ushman saknar dei ærbare iranske kvinnene og den islamske kulturen, så elskar han luksus, vakre og dyre ting, og vandrar gjerne omkring i dei eksklusive stormagasina på Fifth Avenue for å beundre dei dyre varene.

Samspelet mellom Ushman og gamle og rike Mrs. Roberts, som brukar ein formue på tepper frå butikken til Ushman, er finstemt og detaljrikt. Her ser ein tydeleg at Mullins vanlegvis skriv noveller. Det er ørsmå signal, like mykje det usagte som det sagte, som uttrykkjer maktforholdet dei imellom. Mrs. Roberts er minst like einsam som Ushman, og trur ho kjem kjem i kontakt med den mystiske, eksotiske kulturen til Ushman gjennom teppene hans og historiene som han fortel om dei.

Meg Mullins viser stor menneskekunnskap og god innsikt i den einsemda og avmakta som alle menneske blir råka av i livet. «Du kan ikke utelate gleden fra dine triste historier», seier Stella til Ushman. Og finn du glede i vemodige, vakre og varsame kjærleiksforteljingar, vil du elske denne boka.

Karakter: 10/10