Berre for byfolk

Berre for byfolk
Berre for byfolk
Artikkelen fortsetter under annonsen

Er du frå ein kommune med mindre enn 10 000 innbyggjarar, har ikkje regjeringa interesse av kva du kan bidra med. - Uakseptabelt, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp).

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bur du i ein av dei 333 kommunane som har mindre enn 10 000 innbyggjarar, er det lettare å få sju rette i lotto enn å bli mellom dei regjeringa ynskjer skal koma med innspel på korleis private og offentlege oppgåver kan løysast.

Desse kommunane utgjer 2/3 partar av kommunane, og regjeringa har berre plukka ut 10 av 176 medlemmer frå desse kommunane til slike utval. Dei same kommunane representerer 1 220 500 av innbyggjarane i Noreg. Skulle ein dele utvalsmedlemmer matematisk, ville det gitt desse kommunane rett på 45 medlemmer i slike utval.

Lite tenkt

Til samanlikning er folketalet i Oslo og Akershus 1 058 000, noko som fordelingsvis skulle gitt omlag 38 utvalsmedlemmer. Dei fekk 84 medlemmer.

Denne skeive fordelinga forklarar kvifor seks fylke har mindre enn to prosent av utvalsmedlemmene.

Resultata viser at Distrikts-Noreg langt på veg er sett på gangen i omtrent alt statleg utgreiingsarbeid i denne toårsperioden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Svært uheldig for samfunnsutviklinga, meiner Ap-ordførar i Vågå, Rune Øygard, som ser langt på veg dei same trekka når nye tankar skal tenkjast i dei ulike partia.

- Konsekvensen blir at det i slike utval blir tenkt likt og det blir som oftast lite tenkt, seier Øygard.

Vågå-ordføraren hevdar han har kritisert denne utviklinga overfor sentrale partikollegaer tidlegare, men det kan synast som om dei sentrale partileiingane ikkje forstår alvoret.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Denne situasjonen er alvorleg for samfunnsutviklinga.

Gjengangarar

Vågå er redd det er med og forsterkar den sentraliseringa landet er inne i når det akademiske bymiljøet til dei grader er overrepresentert i utviklinga av Noreg.

- Ein høgkonjunktur som me er inne i no gjer sentraliseringa endå sterkare. Derfor er det viktigare enn nokon gong å ha fokus på at fleire får vera med forma framtida for landet som me ynskjer skal utvikla seg på ein annan måte enn no.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Han meiner det ikkje lenger kan stikkast under ein stol at måten utveljinga skjer på syner at det er dei same miljøa som går igjen og som dermed legg premissane for utviklinga av landet.

- Det er heilt avgjerande at dei som har skoen på og få vera med å leggja føringar på eiga framtid.

Partia har same problem

Problemet slik Øygard ser det er at også partia slit med denne måten å tenkja på. Det er dei same som går att når nytt skal tenkjast. Det hindrar utvikling, men og rekruttering til å vera folkevald, trur Øygard.

Viktig at alle kjem til orde

Det er uakseptabelt, det som kjem fram i kartlegginga, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R. Sandal (Sp). Fylket har fått ein av 176 medlemer med i regjeringsnedsett utval Han ler når han forstår at dette er ein framgang på 100 prosent sidan ei tilsvarande kartlegging blei gjennomført for ti år sidan.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Dette viser at regjeringa ikkje har bruk for innbyggjarane mine når den vil ha råd når til dømes eksisterande statlege ordningar og virkemiddel skal vurderast. Personar frå mindre kommunar og samfunn har mykje å bidra med i slike utval og slik det no er undergrev dette tilliten til folkestyret

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sandal meiner dette er eit slag mot det folkestyret han er ein del av og vil sjølv ta dette opp med eige parti for å endra denne praksisen.

Fakta:

Kvart år blir det i statsråd sett ned ulike utval som skal greia ut spørsmål eller vurdera eksisterande statlege ordningar og verkemiddel. Tal frå 16 slike utval med til saman 176 medlemmer (2005 og 2006) viser at:

· 47,0 prosent av utvalsmedlemmene bur i Oslo og Akershus

· Det er berre eit utvalsmedlemm frå Sogn og Fjordane, Aust Agder, Telemark og Østfold

· 93 prosent av utvalsmedlemmene kjem frå kommunar med meir enn 10 000 innbyggjarar

· Ingen utvalsmedlemmer er sjukepleiar, industriarbeidar, bonde, sekretær eller husmor

· 33,0 prosent av utvalsmedlemmene er direktør eller dagleg leiar

· 20,7 er professor, 1.amanuensis eller likande

Kjelde: Offisielt frå statsråd 2005 og 2006