Afrika slaktar norsk klimapolitikk

Artikkelen fortsetter under annonsen

Miljøvernminister Helen Bjørnøy og den norske klimapolitikken måtte tole krass kritikk frå afrikanske representantar under eit klimapolitisk debattmøte i førre veke.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Miljøvernminister og Norge får så hatten passer av organisasjonen Climate Network Africa, som kritiserer Norge for ikke å klare å redusere CO2-utslippene. Foto: Morten Holm / SCANPIXMiljøvernminister og Norge får så hatten passer av organisasjonen Climate Network Africa, som kritiserer Norge for ikke å klare å redusere CO2-utslippene. Foto: Morten Holm / SCANPIX

- Når verdas rikaste land ikkje klarar å redusere CO2-utsleppa sine, korleis kan Noreg forvente at resten av verda vil forplikte seg til dei tiltaka og avtalane som er så nødvendige?

Dette var bodskapen frå generalsekretæren i Climate Network Africa, Grace Akumu, under klimadebatten som blei arrangert av Kirkens Nødhjelp i Oslo. Til stades på møtet var også miljøvernminister Helen Bjørnøy (SV) og stortingsrepresentantane Børge Brende (H) og Kjetil Solsvik Olsen (Frp). Grace Akumu uttrykte sterk skuffelse over Noregs klimapolitiske innsats, og særleg var ho kritisk til det ho karakteriserte som Noregs manglande vilje til å gjere noko med Kyoto-forpliktingane.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kyoto-avtalen gir Noreg høve til å sleppe ut maksimalt 50,3 millionar tonn CO2 i snitt kvart år i perioden 2008-2012. Men utsleppsnivået i 2006 låg på 56 millionar tonn, og mengda er forventa å stige i komande år.

  • - I det norske statsbudsjettet for 2007 seier regjeringa at Noreg vil sleppe ut 57 millionar tonn i 2008, som er det første året av Kyotoperioden. Dette er ein 20 prosents auke sidan 1990, og står i skarp kontrast til Noregs folkerettslige forlpikitngar, uttala Akumu under møtet.

  • Ho la til at utsleppa frå dei nye gasskraftverka som skal byggjast vil føre til ei auke i utsleppa, og uttrykte sterk skuffelse over det ho meinte var Noregs forsøk på å «kjøpe seg ut» av Kyotoavtalen gjennom klimareduserande tiltak i utlandet.

- Vi har ikkje den luksusen å kunne prate om konsekvensane av framtidige endringar i klimaet, sa Akumu. - Tusenvis døyr allereie som eit resultat av dette.

Akumu var heller ikkje særskild imponert over framgangen i den politiske klimadebatten:

-Når eg returnerer til Kenya, vil eg ikkje fortelje kollegaene mine at dei politiske partia i Noreg framleis kranglar seg i mellom om klimapolitikken. Det vil vere for deprimerande, sa ho.

Kjelder: Christian Today, Kirkens Nødhjelp.