Meny

Staten har ikkje bruk for deg

Staten har ikkje bruk for deg
Staten har ikkje bruk for deg

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Er du industriarbeidar, sjukepleiar, bonde, sekretær eller husmor, har ikkje regjeringa bruk for deg. Professorar, advokatar eller direktørar derimot ...

16 protokollar frå statsråd i 2005 og 2006 viser at 176 personar er peika ut til å delta med innspel til korleis offentlege og private oppgåver skal løysast. Er du professor, advokat eller direktør, står døra open. Heile 117 personar representerer desse gruppene i utval som skal bidra til samfunnsutvikling. Er du til dømes bonde, sjukepleiar eller industriarbeidar, finn ikkje regjeringa plass til deg. Berre to av 176 er lærarar.

- Svært uheldig, dersom regjeringa vil utvikla landet vårt som eit demokrati, meiner Jørgen Amdam, professor i kommunal planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda.

Jørgen Amdam er professor i kommunal planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. (Foto: Einar Schibevaag)Jørgen Amdam er professor i kommunal planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. (Foto: Einar Schibevaag)

- Demokratiske prosessar krev at mange ulike tunger skal vera med å forma framtida, og ikkje slik regjeringa no gjer ved å overlate det til ein akademisk elite, seier professoren.

Verken Bondevik 2-regjeringa, eller Stoltenberg-regjeringa har funne nokon grunn til at desse utvala skal spegla samansetjinga i folket.

- Ein tankevekkjar, synest parlamentarisk leiar for Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa.
- Det er avgjerande viktig at det er brei geografisk og yrkesmessig bakgrunn blant dei som skal vera med i slikt arbeid på vegner av regjeringa, seier ho til ABC Nyheter.

Gissel i utgreiinga

Med ei slik samsetjing blir folk flest fort gissel når utvala kjem i arbeid, hevdar Jørgen Amdam. Ei slik profesjonalisering vil rive ned respekten for arbeidet til dei folkevalde og dermed spenne beina under gode og opne demokratiske prosessar.

Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er kritisk til at at folkevalde sin kunnskap blir undervurdert. (Foto: Einar Schibevaag)Magnhild Meltveit Kleppa (Sp) er kritisk til at at folkevalde sin kunnskap blir undervurdert. (Foto: Einar Schibevaag)

- Å få fram kritisk kunnskap som ikkje representerer etablerte miljø, er derfor svært viktig.

Kleppa på si side meiner kartlegginga viser at kunnskapen mange folkevalde sit på blir undervurdert. Ho meiner det er heilt naudsynt med praktisk erfaring og sunt folkevett:

- Kompetanse som ikkje treng ta omsyn til ulike faglege konfliktar i det akademiske miljøet.

Sjå breiare

- Brei representasjon er viktig, og eg veit at regjeringa no har eit arbeid i gang for å hindre den utviklinga som kjem fram i denne kartlegginga. Den viser at ein alt for lett leitar i dei same miljøa når offentlege råd og utval skal setjast ned, seier Kleppa.

Betring for kvinner

Ei tilsvarande undersøking blei utført 1995 og 1996 og den viser same tendensen som kjem fram i noverande kartlegging. Einaste skilnaden er at fleire kvinner har fått plass i utvala. Mens det for ti år sidan berre var eitt av tjue utval som var leia av kvinner, er situasjonen no seks av seksten.

Illustrasjonsfoto: Fotoakuten.se

Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus