Nordmann arrestert for seksuelle overgrep i Thailand
Gateliv i utkanten av Pattaya, byen der den sikta nordmannen skal vere busett. (Foto: Stein Hallingstad / Scanpix)
Nordmannen skal ha vore busett i Pattaya saman med si thailandske kone og hennar 16 år gamle dotter.
Tidleg i januar skal mannen ifølgje thailandsk media ha antasta stedottera ved å kysse og ta på ho. Mora skal ha kom uforvarande over dei, og då skal nordmannen ha uttalt at om han ikkje fekk ha sex med dottera, måtte dei begge flytte ut av leilegheita hans.
Dette gjorde dei, og meldte så mannen til politiet.
Kona krev no 2 millionar Baht (404 800 norske kroner) som kompensasjon for overgrepet.
Nordmannen blei arrestert 2. mars. Sidan mannen ikkje kunne engelsk, var det naudsynt med ein skandinavisk tolk for å forklare kva skuldinga gjekk ut på. Mannen skal ha godtatt siktinga.
Han blei kausjonert ut for 150.000 Baht (10 000 norske kroner) same dag, og fekk så to månader på seg for å få tak i pengane som kona krevde for å trekkje siktinga tilbake.
Artikkelen fortsetter under annonsenArtikkelen fortsetter under annonsenDet er ikkje første gong ein nordmann blir sikta for seksuelle overgrep i Pattaya. I april i fjor var ein 67 år gammal mann mistenkt for å ha kjøpt seksuelle tenester av ein 12-åring og seinare for overgrep mot ein 14-åring. Denne mannen var også tidlegare dømt for overgrep. 67-åringen blei funnen død i Pattaya før saka kom for retten.