Røyking endrar hjernen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sigarettrøyking fører til nokre av dei same endringane i hjernen som bruk av ulovlege, narkotiske stoff, viser ny forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Røyking kan føre til dei same endringane i hjernen som ein får ved bruk av kokain og morfin, ifølgje ny amerikansk forsking. (Ilustrasjonsfoto: Scanpix)Røyking kan føre til dei same endringane i hjernen som ein får ved bruk av kokain og morfin, ifølgje ny amerikansk forsking. (Ilustrasjonsfoto: Scanpix)

Amerikanske forskarar skal ha samanlikna dødt hjernevev frå røykjarar, tidlegare røykjarar og ikkje-røykjarar.

Funna deira, publiserte i Journal of Neuroscience, tydar på at røyking fører til endringar i hjernen som er tydelege fleire år etter at ein har slutta.

Åtte prøvar blei tatt frå personar som røyka til dei døde, åtte frå personar som hadde røyka opptil 25 år før dei døde og åtte blei tatt frå ikkje-røykjarar

Alle forsøkspersonane skal ha døydd av andre årsaker enn sigarettrøyking.

Forklarar tilbakefall

Forskarane såg på nivået av dei to enzyma protein kinase A og adenylyl cyklase, som begge transformerer kjemiske signal.

Det viste seg at røykjarane hadde eit høgare nivå enn ikkje-røykjarar av desse enzyma i den delen av hjernen som omformar informasjon knytt til motivasjon og påskjøning - som praktisk talt alle narkotiske stoff triggar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei same endringane har tidlegare blitt observert i hjernen til rotter som har fått gjentatte innsprøytingar av kokain og morfin.

Desse endringane kan forklare kvifor røykarar synst det er så vanskeleg å slutte, og kvifor dei får tilbakefall.

- Det ville ha vore overraskande om det å innta store mengder av eit stoff som nikotin fleire gonger om dagen over fleire år ikkje skulle resultere i varige endringar i hjernen, uttalar doktor John Stapleton ved National Addiction Centre ved Kings College i London til BBC.

Kjelde: BBC.