Hus og lastebil slukt av kjempehòl i bakken

Hus og lastebil slukt av kjempehòl i bakken
Hus og lastebil slukt av kjempehòl i bakken

Fleire hus og ein lastebil blei slukt av eit gigantisk hòl i Guatemala City i går.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Foto:
Eit kjempehòl slukte fleire hus i ein av Guatemala Citys fattige bydelar. (Reuters / Stringer / Scanpix)

Folk bar med seg TV-appart og omnar og anna inventar då dei blei evakuerte. (Reuters / Carlos Duarte / Scanpix)Folk bar med seg TV-appart og omnar og anna inventar då dei blei evakuerte. (Reuters / Carlos Duarte / Scanpix)

Det var i ein av Guatemala Citys fattigaste og mest overbefolka bydelar at det opna seg eit kjempehòl i bakken, melder BBC.

Hòlet skal vere meir enn 100 meter djupt. Folk som bur i området kunne fortelje at dei høyrde høge lydar og kjende jorda riste like før husa fall saman i hòlet.

- Eg var i huset mitt då eg høyrde smell og kjende jorda riste, og då forstod eg at husa hadda kollapsa, fortalde naboen Maria Rivas til nyhendebyrået AP.

Meir enn tusen heimar i området blei evakuerte. Styresmaktene frykta at hòlet kunne utvide seg og at nye kunne oppstå.

Byens tette kloakksystem skal ha vore årsaka til ulukka. Ein talsmann for det lokale vassverket fortalde at byen var klar over problemet, men at dei ikkje rakk å gjere noko med det før heile systemet falt saman.

Styresmaktene hadde bede bebuarane i bydelen om å halde seg heime torsdag kveld, men bestemte seinare å flytte dei til midlertidige leskur.

Tre menneske blei meldt sakna etter ulukka, men skal seinare ha kome til rette.

Borgarmeister i byen, Alvaro Arzu, seier at kloakksystemet no blir reparert og at dei som blei råka av ulukka har fått tilbod om hjelp.

Personvernpolicy