Klag på lønna!

Artikkelen fortsetter under annonsen

Likestillingsminister Karita Bekkemellem oppmodar kvinner til å klage på lønna.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen
Les meir:
Les heile kronikken til Barne- og likestillingsministeren Karita Bekkemellem hos Likelønnskommisjonen.

Barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem oppmodar kvinner til å klage på lønna. (Foto: Knut Falch / SCANPIX)Barne- og likestillingsminister Karita Bekkemellem oppmodar kvinner til å klage på lønna. (Foto: Knut Falch / SCANPIX)

I ein kronikk i Nationen i dag oppmodar Karita Bekkemellem kvinner til å klage på lønna om dei føler seg urettvist behandla på arbeidsplassen.

Ho viser til saka der ein kvinneleg konsulent i Aftenposten klaga inn arbeidsgivaren sin for lønnsdiskriminering. Konsulenten meinte det var urettvist at ein mannleg typograf i same avdeling tente meir enn ho, sidan dei to etter hennar meining gjorde arbeid av lik verdi.

Konsulenten hevda at lønnskilnadane hang saman med at typografane er ei mannsdominert gruppe, medan dei fleste konsulentar er kvinner, og at Afteposten såleis hadde brote likestillingslova.

Då likestillings- og diskrimineringsnemnda behandla saka, konkluderte dei med at arbeidet til konsulenten var like mykje verdt som typografen sitt arbeid, og at dei to yrkesgruppene burde tene like mykje.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lik lønn for ulikt arbeid

«Det er et viktig prinsipp som blir slått fast her: Man kan med loven i hånd sammenligne kvinner og menns lønn, selv om de utfører forskjellig arbeid», kommenterer likestillingsministeren.

Ifølgje Bekkemellem er vedtaket svært positivt, då det stadfestar at styrkinga av likelønnsbestemminga i loven frå 2002 fungerer slik den skal. Føremålet med lovendringa var nettopp å sikre likelønn gjennom samanlikning av arbeidstakarar som utfører ulikt arbeid og som tilhøyrer ulike tariffavtalar, understreker Bekkemellem, og avsluttar med følgjande oppmoding:

«Kvinner må bruke de midlene som finnes i kampen for rettferdig lønn. Nå har Likestillings- og diskrimineringsnemnda gitt oss et nytt verktøy å føre arbeidet videre med. Jeg håper på en strøm av rettferdige klager!»