- Tenar på ubrøytte vegar

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Norske vintervegar har blitt for dårlege etter at vegryddinga vart sett ut på anbod.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(NPK): Det seier administrerande direktør i Norges Lastebileier-Forbund, Gunnar Apeland til NRK.

Medlemmene i forbundet klagar meir no enn før 2003, då Statens Vegvesen stod for brøytinga.

– Jo mindre anbodsvinnarane brøytar eller strør, jo meir tenar dei, hevdar Apeland som er bekymra for tryggleiken på norske vegar.

Mesta er den største aktøren i Noreg på vedlikehald av vintervegane. Regiondirektør Kjell Inge Davik i Mesta Drift søraust kjenner seg ikkje att i kritikken.

– Det er krava til vinterstandarden sett av Statens Vegvesen som legg føringa for korleis vi vinterdrifter vegane i Noreg, seier han. (NPK)

Illustrasjonsfoto forside: Jon Eeg / Scanpix