Seksualisering øydelegg jentene

Artikkelen fortsetter under annonsen

Seksualisering av jenter og unge kvinner kan føre til fysiske og psykiske skader og hemme den naturlege seksuelle utviklinga.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / ScanpixIllustrasjonsfoto: Sara Johannessen / Scanpix

American Psychological Associtation (APA) oppmodar om at seksualiserte bilde av jenter i reklame, på tv og i andre medium blir erstatta av naturlege og positive bilde.

Massedistribusjon

Ei arbeidsgruppe ved APA offentleggjorde denne veka ein rapport basert på fleire studiar og undersøkingar av tv, Internett, musikktekstar, musikkvideoar, reklamekampanjar og varehandel med produkt retta mot jenter. Rapporten konkluderer med at massedistribuering av seksualiserte bilde av jenter og unge kvinner er skadeleg for jenters sjølvbilde og sunne utvikling.

Seksualisering blir definert som «noko som skjer når ein persons verdi berre kjem frå hans eller hennar seksuelle appell eller åtferd, og andre karaktertrekk er tilsidesett». Rapporten refererer og til objektifisering, altså at ein person blir eit, i dette tilfellet seksuelt, objekt som er til for andre si nyting.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Deprimerte

- Konsekvensar av seksualiseringa av jenter i media i dag er svært reelle og har sannsynlegvis ein negativ effekt på jentene si sunne utvikling, seier Eileen L. Zurbriggen, PhD, leiar av APA-arbeidsgruppa og professor i psykologi ved universitetet i California.

I rapporten syner arbeidsgruppa til at forsking set seksualisering i samband med tre av dei mest vanlege mentale helseproblema som blir diagnostisert hos jenter og unge kvinner: eteforstyrringar, låg sjølvakting og depresjon eller depressivt humør.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Beskytte og oppdra

APA hevdar foreldre anten kan bidra til seksualisering av døtrene sine, eller dei kan spele ei beskyttande og oppdragande rolle. Også skulen og helsevesenet må setje seg inn i problema knytt til temaet, mellom anna gjennom informasjon om seksualisering og generell seksualundervisning.

I tillegg må medieverda ta nokre grep, meiner APA.
- Samfunnet må erstatte alle desse seksualiserte bilda med bilde som viser jenter i positive settingar og som syner det unike og kompetente i jentene, seier Zurbriggen.
- Målet må vere signalisere til all ungdom, både gutar og jenter, at dette vil føre til ei sunnare seksuell utvikling.