Folk flest flinke med straumen

Private hushald er energieffektive og held straumforbruket på eit stabilt nivå.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Energieffektivt utstyr, som til dømes varmepumper og meir reintbrennande omnar, gjer at folk ikkje sløsar med straumen. (Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / SCANPIX)Energieffektivt utstyr, som til dømes varmepumper og meir reintbrennande omnar, gjer at folk ikkje sløsar med straumen. (Illustrasjonsfoto: Gorm Kallestad / SCANPIX)

Veksande økonomi og aukande befolkning vil ikkje nødvendigvis gje tilsvarande auke i energibruken, seier Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Ein fersk rapport frå Institutt for energiteknikk syner nemleg at nordmenn er blitt meir energieffektive med åra. I perioden 1990 til 2004 har norske husstandar effektivisert energiforbruket sitt med heile 4 Twh* i året.

Sparar eit Altakraftverk

- Svingingar i straumprisane, spesielt etter 2002, er nok litt av grunnen til at folk er bevisste straumbruken og ikkje sløser, seier avdelingsingeniør ved NVE, Arne Fredrik Lånke. Hushalda investerer dessutan i energieffektivt utstyr som til dømes varmepumper og meir reintbrennande omnar og har generelt betre og meir kunnskap om energieffektive byggemateriale og byggeskikk.

Lånke seier det offentlege og er med og hjelper fram meir energieffektiv teknologi som kjem privathushaldet til gode.
– Varmepumpene blir stadig betre, billigare og meir tilgjengelege. Utskiftinga til reintbrennande omnar har gitt ei auka utnytting av energien i ved tilsvarande 0,7 Twh, noko som tilsvarar eit Altakraftverk.

Sprikar i det offentlege

Også i det offentlege ser ein ei monaleg energieffektivisering. Både helse- og undervisningssektoren er flinkare til å drive energieffektivt, medan kontor og hotell har ein auke i energiforbruket. Lånke trur noko av forklaringa på kvifor somme område innafor tenesteytande sektor har auke når andre greier å spare, ligg i at til offentleg sektor er pålagt å byggje energieffektivt og at ein del gamle og dårlege bygg har blitt bytt ut.

– Helsebygg er truleg dominerande i tenesteytande sektor når det gjeld å installere varmepumper. Auka energibruk i andre delar av sektoren heng nok saman med auka aktivitet.

Men energieffektivisering seier berre noko om energibruk per person, per hushald eller per eining, forklarar Lånke. Det syner altså ikkje heile bildet.

– Sjølv om ein brukar energien meir effektivt, så har den totale energibruken auka. I dag er det norske kraftsystemet basert på vasskraft og er såleis sårbart overfor naturlege variasjonar i nedbørsmengda.

* Ein Twh (terawattime) tilsvarar den årlege kraftbruken til 50 000 norske hushald. Gasskraftverket på Kårstø vil produsere 3 Twh årleg.

Kjelder: Finansdepartementet, NVE

Personvernpolicy