Krimforfattar med samvitsnag:

Tar han livet av blide idrettsjenter?

Tar han livet av blide idrettsjenter?
Tar han livet av blide idrettsjenter?

Jørn Lier Horst har alltid vore glad i gåter og mysterium, difor blei han politimann. Men etter kvart fann han ut at det var endå betre å kunne lage gåtene sjølv.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Wisting tok et steg fram og betraktet det døde mennesket i taushet. Synet var grotesk. Tøyet var brent av kroppen. Huden hadde spor etter store, brustne blærer der hvor den ikke var forkullet og hadde fått et brunsort belegg. Hodet hang ned mot brystkassa. Håret var borte, og ørene var to små hull på hver side av den runde skallen. [...] Det var likevel armene på den døde som fikk det til å gå gysninger gjennom han. De stod i spenn bak ryggen og rundt trestammen, hvor de var lenket til hverandre med et par håndjern.

Den Stavern-busette forfattaren Jørn Lier Horst møtte ABC Nyheter i Oslo. (Foto: Kari M. Hestad)Den Stavern-busette forfattaren Jørn Lier Horst møtte ABC Nyheter i Oslo. (Foto: Kari M. Hestad)

Det groteske bildet av mannen som står fastlenka til eit tre i skogen, brent levande, var utgangspunktet for kriminalforfattar Jørn Lier Horst sin nye roman om politiførstebetjent William Wisting. «Den eneste ene» blir lansert i desse dagar.

- Eg brukar mykje tid på plottet, eg vil at intrigen skal vere infløkt og intrikat, fortel forfattaren til ABC Nyheter då vi møter han på Grand Hotel i Oslo.

For Horst nøyer seg ikkje berre med eit forkulla lik, men legg til fleire andre element som skal trigge lesaren. Her er det også snakk om ein katt med avkappa forpotar, plassert ved sidan av den brente mannen.

- Krim skal vere meir enn berre eit drap og oppklaring av eit brotsverk. Det skal vere fleire trådar, mange moglege løysingar og mange overraskingar for lesaren. Av den grunn la eg til katten utan forpotar. Lesaren skal kunne ane ein samanheng, men ingenting skal vere avgjord før siste side er lesen, forklarar forfattaren nøgd.

Landslagsspelar som modell

Det er småbyen Larvik som utgjer kulissane i Jørn Lier Horst sitt litterære univers. Denne gongen har også byen stoltheit, Larvik Håndballklubb, ein sentral plass i handlinga. Boka byrjar med forsvinninga av den kjende og populære handballspelaren Kajsa Berg.

- Eg er jo sjølv frå Larvik, og vi er jo svært stolte av handballklubben vår og handballjentene, som vi følgjer frå suksess til suksess. Men vegen er kort frå lukke til ulukke, frå suksess til tragedie. Handballjentene er så utadvendte og blide, tilsynelatande uovervinnelege på bana. Men Kajsa har også ei anna historie, kall det gjerne ei mørkare side. Eg likar å skrape litt i idyllen, seier forfattaren med eit smil.

Modellen for Kajsa Berg skal blant andre vere landslagsspelar Linn Kristin Ullevoldsæter Riegelhuth.

- Ja, ho er ei slik sunn og frisk idrettsjente som var lett å sjå for seg. Poenget er å skape ein person lesarane kjenner igjen, typen blid idrettsjente, som dei vil føle sympati for.

Kva som eigentleg har skjedd med Kajsa Berg, får ikkje lesaren vite før heilt mot slutten av romanen.

- I utgangspunktet var planen å drepe Kajsa. Men då eg i forkant av boka dreiv research i Larvik Håndballklubb og kom under huda på alle desse blide jentene, fekk eg rett og slett dårleg samvit for å planleggje å «ta livet» av ei av dei. Eg blei altså usikker undervegs. Så det får vere ei overrasking for lesaren - om eg klarte å drepe Kajsa Berg eller ikkje, glisar forfattaren.

Lei av antihelten

Horst innrømmer at det er mykje av han sjølv i politietterforskaren William Wisting.

- Eg er så lei den typiske antihelten som er så vanleg i krimlitteraturen. Etterforskaren som vaknar bakfull etter ei tre dagars fyllekule og som stadig kjem på kant med sjefen og familien. Eg ville skrive om den politimannen eg kjenner frå min eigen kvardag.

- William Wisting liknar meg, men eg har gjort han ti år eldre. Eg har dessutan gitt han eigenskapar frå kollegaer som eg respekterer. Wisting er suksessfull på jobben og har eit godt forhold til familien. Men eg vil at han skal utvikle seg, og det skjer mykje med han personleg i denne romanen. Han nærmar seg ei midtlivskrise, som eg nok vil utvikle vidare i seinare bøker, seier forfattaren ettertenksomt.

Han er ikkje nervøs for korleis boka vil bli motteken.

- Eg veit at denne boka er betre enn den førre, og eg er trygg på meg sjølv som forfattar, seier han.

- Planen er å skrive ti bøker med William Wisting som hovudperson. Og eg har dei store linjene klare for kva som skal skje med han framover, seier Jørn Lier Horst.

Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus