Kor mange brukar eigentleg telefonkatalogen?

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Eg trur absolutt ingenting på tala som Eniro oppgir, seier Naturvernforbundets Sverre A. Stakkestad. Sjølv har han desinformert i e-posten sin.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Naturvernforbundet og Eniro Norge kranglar om tal. Kor mange brukar eigentleg telefonkatalogen? (Illustrasjonsfoto: Scanpix)Naturvernforbundet og Eniro Norge kranglar om tal. Kor mange brukar eigentleg telefonkatalogen? (Illustrasjonsfoto: Scanpix)

Det var Stakkestad som var initativtakar til den omfattande e-post aksjonen der folk blei oppfordra til å reservere seg mot telefonkatalogen. På mindre enn ei veke fekk Eniro over 100.000 reservasjonar.

Men no meiner Stakkestad det er sannsynleg at Eniro held tilbake informasjon om kor mange som faktisk har reservert seg mot telefonkatalogen.

- Måndag var talet 125.000 reservasjonar, onsdag var talet brått nede på 121.000, ifølgje Dagens Næringsliv. Korleis kan dei ha fått 4000 færre på tre dagar? Eg trur ikkje det stemmer. Sannsynlegvis vil ikkje Eniro gå ut med det rellee talet, hevdar naturvernaren.

Informasjonssjef Gurli Høeg Ulverud i Eniro Norge nektar for at dette er tilfelle.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi skjuler ingenting. Men det kan ha skjedd ei samanblanding mellom talet på reserverte husstandar og personar som har reservert seg. Fredag 16. februar var tala 144 922 reserverte personar og 125 983 reserverte husstandar. Det kom mange reservasjonar fredag i førre veke, no har det flata noko ut. Men at vi medvite skal ha halde tilbake korrekte tal, er heilt feil.

Stakkestad kan uansett vere nøgd med responsen han har fått på e-post-aksjonen. Telefonkatalogsaka har no spreidd seg til Sverige og har nådd departementsnivå i Noreg.

Tirsdag gjekk Samferdselsminister Liv Signe Navarsete ut i media og sa at ho legg opp til å løyse saka slik Naturvernforbundet ønskjer. Det inneber i så fall at ein i framtida må bestille telefonkatalogen sjølv, og at masseutsendinga til alle husstandar vil vil ta slutt. «Det viser seg at ni av ti ikke bruker telefonkatalogen, og det var noe jeg ikke visste», uttalte Navarsete til NTB.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

At ni av ti ikkje brukar katalogen, er feil. Men Eniro, som produserer telefonkatalogane på oppdrag frå Telenor, har ikkje gitt opp kampen. Ifølgje Gurli Høeg Ulverud er det på ingen måte sikkert at Naturvernforbundet får det som dei vil.

- Naturvernforbundet har gitt eit unyansert bilde. Det er feil at så mange som ni av ti ikkje brukar telefonkatalogen. Vi har no oppretta ein dialog med departementet og gitt dei tala som vi baserer oss på frå TNS Gallup. Dei viser at sju av ti framleis brukar telefonkatalog, nærmare bestemt tre millionar årleg, seier Ulverud til ABC Nyheter.

Ho vil ikkje spekulere i kva konsekvensar ei eventuell avvikling av dagens ordning vil få for selskapet.

- Eg er faktisk usikker sjølv på kva konsekvensane vil bli. Om oppslagstala skulle synke frå 2,8 millionar til 1,5 millionar, så er det berre ikkje-brukarar vi mister, og våre annonsørar held seg jo til kor mange som faktisk brukar katalogen. Såleis skal ikkje dette få økonomiske konsekvensar for oss.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Feil tal til Samferdselsministeren

I eposten som Stakkestad sendte ut, står det eksplisitt at ni av ti mottakarar ikke brukar telefonkatalogen. (Sjå heile e-posten nederst i denne saka.) No opplyser han overfor ABC Nyheter at dette ikkje stemmer, og at tala gjaldt for ei lita målgruppe der ingen var over seksti.

- At ni av ti ikkje brukar katalogen, er feil. Så tala Navarsete gjekk ut med tirsdag stemmer ikkje, innrømmer han.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Men ifølgje tal vi har frå Norsk Respons er det berre 45 prosent av befolkninga som ville ha bestilt den vanlege telefonkatalogen og 25 prosent som ville ha bestilt Gule sider. Den massive utsendinga er berre til irritasjon.

- Om departementet brukar sunn fornuft, vil dei stå imot presset frå Eniro. Eniro har sjølvsagt mange pressmoglegheiter som eit stort konsern, men det er viktig at politikarane støttar opp om forslaget vårt og stoppar denne tvangsfôringa. I staden for å spørje om kor mange som brukar telefonkatalogen kvart år, må Eniro spørje om kor mange som faktisk har behov for katalogen, meiner Stakkestad.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Her er e-posten som Stakkestad sendte ut:

«Hei dere Dersom dere ikke bruker telefonkatalogen (papirutgavene) oppfordres dere herved til å reservere dere mot å få den. Jeg har veddet med markedsdirektøren i Eniro om at de får flere avbestillinger i disse dager enn de siste fem årene til sammen! Jeg vil oppfordre alle som ikke bruker telefonkatalogene til å være med å begrense sløseriet med resurser. Hver år sendet det ut 9,2 millioner kg kataloger! 9 av 10 bruker de ikke! De aller aller fleste bruker bare katalogene på nettet og kaster papirkatalogene hvert år med plasten rundt..
Naturvernforbundet og Grønn Hverdag foreslår at Eniro heller sender en katalog adressert i posten til de som bruker de og ønsker å ha de.
Send linken til alle i nettverket deres så er det glimrende!
Takk for hjelpen! Mvh
Sverre Andreas Stakkestad Naturvernforbundet Hordaland (hobby naturverner)»