Britiske barn har det verst

Artikkelen fortsetter under annonsen

Britiske barn er fattigare, har eit dårlegare forhold til foreldra og er tidlegare ute med rusmiddel samanlikna med barn frå andre rike land.<br/

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Britiske og amerikanske barn har det verst, ifølgje UNICEF-rapport. (Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / SCANPIX)Britiske og amerikanske barn har det verst, ifølgje UNICEF-rapport. (Illustrasjonsfoto: Jon Eeg / SCANPIX)

Ein ny UNICEF-rapport samanliknar trivnaden og situasjonen til barna i OECD-landa og åtte andre europeiske land. For første gong er også barna si subjektive meining om korleis dei har det, tatt med. I tillegg omhandlar rapporten faktorar som fattigdom, helse, tryggleik, utdanning, familietilhøve og likestilling.

Samla sett ender Storbritannia på botn, saman med USA.


Nederland, Sverige, Danmark og Finland kjem best ut av undersøkinga.

Rapporten, som har fått namnet «Child poverty in perspective: An overview of child well-being in rich countries», plasserer Storbritannia på dei tre nederste plassane i fem av seks kategoriar. Barn har det betre i alle andre industraliserte land, inkludert mindre rike nasjonar som Polen og Tsjekkia. Tsjekkiske barn er rangert høgt på trivnad og lågt på velstand.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Tidleg ute med alkohol og hasj


Over 15 prosent av barna i Storbritannia er fattige. Dei har dessutan eit dårlegare forhold til foreldra sine og er i større grad utsette for farar knytt til alkohol, narkotika og usikker sex enn barn i andre rike land.

Britiske barn kjem også dårleg ut helsemessig, med tanke på overvekt, alkoholmisbruk, tidleg seksuell debut, stoffmisbruk og tenåringsgraviditetar. Britiske foreldre brukar også lite tid på å snakke med barna og ete felles måltid saman med dei.

Storbritannia blei rangert på sisteplass når det gjaldt barnas åtferd, sjølvkjensla deira og deira forhold til andre barn. Færre en 50 prosent av britiske barn sa at venene deira var «snille og hjelpsomme», mot 80 prosent i Portugal.

Noreg rangerer høgt på materiell velstand hos barn. Men på dei fleste andre velferdstema blir barna i Noreg rangert lågare enn barna i Sverige og Nederland.

Kjelder: Unicef , Telegraph.


Her har barn det best:

1. Nederland
2. Sverige
3. Danmark
4. Finland
5. Spania
6. Sveits
7. Norge
8. Italia
9. Irland
10. Belgia
11. Tyskland
12. Canada
13. Hellas
14. Polan
15. Tsjekkia
16. Frankrike
17. Portugal
18. Austerrike
19. Ungarn
20. USA
21. Storbritannia
Kjelde: Unicef

Relaterte saker:


Norske barn lite lykkelige