Hegemoni brote etter 371 år
Søndag blei historieprofessoren Drew Gilpin Faust (59) utnemnd til ny rektor ved Harvard. Inga kvinne har tidlegare vore toppsjef ved det tradisjonsrike universitetet i Massachusetts. Ho tiltrer stillinga 1. juli i år og blir den 28. rektoren i rekkja.
I dag er professor Faust dekan ved Radcliffe-instituttet og blir rekna for å vere den førre leiaren, Lawrence Summers sin rake motsetnad.
Summers blei pressa til å gå av i fjor sommar etter å ha kome med det mange oppfatta som kvinnediskriminerande utsegner. Då han sa at mangelen på framtredande kvinner innanfor matematikk og naturvitskap har samanheng med «kvinners manglande vitskaplege genar», skapte det furore blant dei vitskapleg tilsette.
Faust vil få ein utfordrande jobb. Harvard står nemleg andsynes omfattande reformer, blant anna dei største endringane av pensumlitteraturen på 30 år og krav om at professorane skal bruke meir tid på undervisning og mindre på forsking, som til no har vore førsteprioritet.
Då utnemninga blei offentleggjort i går, lova Faust å arbeide for meir samarbeid mellom oppdelte og tungrodde institusjonar.
- Eg kan ikkje tenkje meg noko høgare kall enn å skulle tene som rektor på Harvard, uttalte ho med tårevåte auge, ifølgje The Boston Globe.
Ho skal også ha sagt at ho blei svært rørt av dei reaksjonane ho har fått frå både kvinner og menn etter at ho som første kvinne har blitt utnemnd til å leie USAs eldste universitet. Det skal ha fløyma over med e-postar og telefonar, ho skal ha blitt stansa på gata og møtt med spontan applaus under flyreiser.
- Eg er rektor på Harvard, ikkje den kvinnelege rektoren på Harvard, uttalte Faust.
- Ikkje desto mindre ser folk dette som ein del av ei ny framtid.
Professor Faust voks opp i ein småby i Virginia. Ho skal ha vore oppteken av kvinnesak og likestilling både privat og i sitt yrkesaktive liv. Som professor har ho spesialisert seg i den amerikanske borgarkrigen og sørstatshistorie.
Kjelder: The Boston Globe, Financial Times, Guardian.
Harvard ligg i Cambridge i Massachusetts og er USAs eldste universitet, grunnlagd 8. september 1636. Det blir rekna for å vere eit av verdas leiande universitet, i skarp konkurranse med blant andre Princeton og Stanford.
Kjelde: Wikipedia.