Meny

Nettpoker populært blant kvinner

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

I løpet av tre år er talet på kvinnelege nettpokerspelarar dobla. Ei av dei beste nett-turneringsspelarane i verda er atten år gammal og norsk.

Poker er eit populært pengespel på Internett, også blant kvinner. Med eit bankkort og ein PC kan ein spele mot likesinna over heile verda. Foto: Terje Bendiksby / SCANPIX .

30 prosent av deltakarane i pokerspel på Internett er kvinner. Det viser tal frå ein studie kring nettpokerspeling som nyleg blei presentert, gjennomført av bransjeorganisasjonen eCOGRA.

Presidenten i Norges Pokerforbund (NFP), Hanna Nilsson, er ikkje overraska over talet.

- Poker passar absolutt for kvinner, seier ho til Neste Klikk.

- I denne sporten er det viktig å kunne drive såkalla «multitasking», ta inn over seg og analysere fleire typar informasjon på ein gong og kunne lese andre menneske. Og dette er jo eigenskapar som tradisjonelt blir tillagt kvinner.

Heile 11.000 spelarar frå 96 land deltok i undersøkinga, som skal vere større og betre enn den som blei gjennomført i 2004. Då låg talet på kvinnelege nettpokerspelarar 15 prosent. Sidan den gong er talet dobla.

- Det er ikkje så mange som deltek i live turneringar, dessverre. Pokermiljøet har jo rykte på seg for å vere mannsdominert. Men jenter blir meir og meir synlege også her, vi har jo profesjonelle pokerspelarar som Annie Duke, Isabella Marcia og ikkje minst Jennifer Hartmann, som blir rekna for å vere verdas beste pokerspelar.

Den profesjonelle pokerspelaren Annie Duke blir rekna for å vere ei av verdas beste pokerspelarar. (Foto: Reuters / Fred Prouser / Scanpix)Den profesjonelle pokerspelaren Annie Duke blir rekna for å vere ei av verdas beste pokerspelarar. (Foto: Reuters / Fred Prouser / Scanpix)

- Vi har fleire dyktige i Noreg også, som atten år gamle Annette Obrestad. Ho har førsteplassen på rankinglista til nettstaden Pocketfives.com, noko som inneber at ho blir rekna som den beste nett-turneringsspelaren i verda.

- Ligg det store pengar i dette?

- Annette Obrestad er dyktig og vinn masse. Ho speler også live-turneringar, denne helga er ho til dømes på Stena Line sitt pokercruise til København. Det finst fleire norske selskap som driv med nettpoker. Men dei held ikkje til i Noreg, I staden driv dei frå Malta, Gibraltar og England. Her har jo norsk tipping monopol, sukkar Nilsson.

- Men hovudårsaka til at så mange kvinner speler nettpoker, er sjølvsagt at det er eit sinnsjukt artig spel.


Populært

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus