Gir 25 millionar dollar til den beste klimaoppfinninga

Artikkelen fortsetter under annonsen

Virgin-sjef Sir Richard Branson og tidlegare visepresident Al Gore utlyste i dag ein storslått klimakonkurranse. Vinnaren får 25 millionar dollar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Sir Richard Bryson og Al Gore lovar 25 millionar dollar til den som finn ut korleis vi best kan fjerne drivhusgassar frå atmosfæren. (Foto: Reuters / Kieran Doherty / Scanpix)Sir Richard Bryson og Al Gore lovar 25 millionar dollar til den som finn ut korleis vi best kan fjerne drivhusgassar frå atmosfæren. (Foto: Reuters / Kieran Doherty / Scanpix)

Sir Richard Branson, ein av Storbritannias mest kjende forretningsmenn, gir pengane til den som kjem på den beste ideen til korleis vi kan fjerne store mengder karbondioksid frå atmofæren.

Saman med miljøforkjemparen Al Gore utlyste han klimakonkurransen i London tidlegare i dag, melder BBC.

Ifølgje Sir Richard må menneska no ta innover seg den enorme miljøkrisa vi står overfor.

- Jorda kan ikkje vente i seksti år, sa han på konferansen.

- Eg vil ha ei framtid for barna og barnebarna mine. Og klokka tikkar.

Om planeten vår skal overleve, meiner Branson det er absolutt nødvendig å finne ein måte vi kan kvitte oss med drivhusgassen karbondioksid.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei som skal kontrollere miljø-oppfinningane, er den anarkjende klimaforskeren James Hansen ved NASA Goddard Institute, mannen bak Gaia-teorien James Lovelock, miljøforkjemparen Sir Crispin Tickell og den australske paleontologen Tim Flannery.

Premien går til den som finn den beste metoden for å fjerne minst ein milliard tonn karbon kvart år frå atmosfæren.

- Det utfordrar førestellingsevna til menneska å faktisk akseptere realitetane i den situasjonen vi no står overfor, uttalte Al Gore, som nyleg var aktuell med filmen «An Inconvenient Truth» som fokuserte på den globale oppvarminga.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Vi menneske er ikkje vande med å tenkje oss ei slik omfattande krise. Det er ingenting tidlegare i historien vår som gjer oss rusta til å forstå at vi no faktisk kan stå midt oppi prosessen med å øydeleggje vår eigen planet.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Gir overskotet frå transportselskapa til klimaforsking


Innsatsen til Sir Richard Branson blei rosa av Stuart Haszeldine, professor i geologi ved Universitetet i Edinburgh.

- Eg håpar alle andre føretak, store som små, tar etter Bryson. Vi vil alle vinne på dette, ved å få ein reinare og grønare planet. Vi deler alle den same atmosfæren.

Sir Richard Bryson har tidlegare forplikta seg til å donere overskotet frå transportselskapa sine Virgin Atlantic og Virgin Trans til forskinga på fornybare energikjelder.

Forskarar har til no sett på fleire alternative løysingar til korleis ein kan minske klimagassutsleppa i atmosfæren. Karbonlagring er eit nøkkelområde i klimaforskinga. Det inneber at ein kan lagre drivhusgassar i olje- og gassfelt, injisere den djupt i havet eller kjemisk transformere den til tørrstoff eller væske, som er termodynamisk stabilt.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Men ein er ikkje heilt nøgd med desse metodane, først og fremst på grunn av fare for lekkasje på lagringsstadene. Ein fryktar også at CO2 oppløyst i store kvanta kan skade dei marine økosystema i havet.

Andre forskarar har sett på ordningar som kan «reinse» lufta for CO2 ved å samle gassen for trygg lagring. Men ifølgje kritikarar vil denne metoden kreve for mykje energi til at den vil løne seg.