Einsemd kan føre til demens

Artikkelen fortsetter under annonsen

Einsemd doblar faren for å utvikle Alzheimer, viser ny amerikansk forsking.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Einsemd fører ikkje berre til psykiske plager, men aukar også faren for Alzheimer sjukdom. (Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / Scanpix)Einsemd fører ikkje berre til psykiske plager, men aukar også faren for Alzheimer sjukdom. (Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / Scanpix)

Einsame menneske risikerer å utvikle Alzheimer, melder BBC.

Dette er resultatet av ein studie der meir enn 800 eldre pasientar blei følgt over ein fireårs-periode.

Sosial isolasjon har også tidlegare blitt knytt til demens.

Forskingsleiar professor Robert Wilson og kollegaene hans vurderte einsemda til deltakarane ved at dei rangerte frå ein til fem ei rekkje påstandar relaterte til einsemd.

Dette gjorde dei på ein årleg basis.

Utsegnene som deltakarane vurderte, inkluderte påstandar som «eg opplever ei generell kjensle av tomheit» og «eg føler meg ofte forlatt».

Deltakarane blei også undersøkte for symptom på demens og Alzheimers sjukdom.

To gongar så høg risiko for å utvikle demens


Forskingsteamet fann ut at deltakarar som scora høgast på einsemd, hadde om lag to gongar så høg risiko for å utvikle Alzheimer, som dei med låg score.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Når forskarane tok omsyn til faktorar som den reelle graden av sosial isolasjon, endra ikkje resultata seg i synleg grad. Det var altså deltakarane si personlege kjensle av einsemd - meir enn i kva grad dei faktisk var sosialt isolerte - som var avgjerande for demens-risikoen.

90 pasientar som døydde under studien, blei obduserte med tanke på fysiske teikn som kunne setjast i samband med Alzheimer, som førekomst av protein på utsida av og rundt nervecellene.

Men det skal ikkje ha vore noko samanheng mellom einsemd og patologiske endringar i hjernen, som blir knytt til Alzheimer.

Ifølgje Robert Wilson, som er professor i nevropsykologi ved Rush University Medical Center, avviser studien at einsemd skal vere ein reaksjon på demens.

- Vi må vere klar over at einsemd ikkje berre har kjenslemessige følgjer, men også fysiske følgjer, seier han.

Les meir:

Helse og livsstil
Forskning