Australia er eit dødeleg turistmål

Artikkelen fortsetter under annonsen

Dei siste sju åra har 2.433 turistar mista livet medan dei ferierte i Australia.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ein britisk turist blei drepen av ein nesten fire meter lang krokodille. (Foto: Wikipedia)Ein britisk turist blei drepen av ein nesten fire meter lang krokodille. (Foto: Wikipedia)

Årsakene til dei mange dødsfalla skal vere steikande varme, farleg terreng og angrep frå ei rekkje dødelege dyr, melder Telegraph.

Ein britisk turist blei drepen av ein nesten fire meter lang krokodille då han var på symjetur nord for byen Darwin i 2005, medan minst ein gjest skal ha mista livet etter å ha svidd seg på giftige maneter.

Også hanggliding, fallskjermhopping og fisketurar skal hatt dødeleg utgang. Kvar veke blir fleire angripne av haiar, krokodillar og andre dødelege dyr.

- Det er stor skilnad på den urbane europeiske livsstilen og det å skulle vandre i villmarka her, seier skogforvaltaren i den australske reptil-parken Craig Adams.

- Eit gjørmehol kan skjule ein fem meter lang krokodille. Og medan koalaer er søte, så skjønar ikkje folk at dei kan bite deg stygt og partere deg opp med klørne. Ein vombat kan slå deg i bakken.

Meir enn fem millionar turistar vitjar Australia kvart år. Flesteparten kjem heldigvis heim i god behald.