Hillary speler på tradisjonelle kvinnelege verdiar

Senator Hillary Clinton speler på tradisjonelle kvinnelege verdiar i kampen for å bli Demokratane sin presidentkandidat.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Senator Hillary Clinton innleiia presidentkampanjen i Iowa tidlegare denne veka. (Foto: REUTERS/ John Gress / Scanpix)Senator Hillary Clinton innleiia presidentkampanjen i Iowa tidlegare denne veka. (Foto: REUTERS/ John Gress / Scanpix)

- La oss snakke saman. La oss starte ein dialog, om mine idear, og dine. For samtalen i Washington har vore litt einsidig i det siste, synst du ikkje?

Sitjande i ein mjuk sofa, støtta opp av ei stor sofapute og omringa av heimekoseleg interiør, var dette bodskapen Hillary Clinton valde å kommunisere til veljarane då ho annonserte sitt kandidatur til presidentvervet nyleg. Videoen er publisert på hennar eigen nettstad. Kontrasten til George Bush sin meir machoaktige stil er enorm.

Forventingane til Clinton er store, særleg blant amerikanske feministar. Dei innser at den dagen ei kvinne kan sitje med makta i det Kvite hus er nærare enn nokon gong. Og ved første augnekast kan Clinton framstå som ein levandegjort feministisk fantasi: Ho er smart, direkte og ein modig forsvarar av velferd og likestilling. Clinton var også den første presidentfrua med ei lang utdanning bak seg, og den første til å gjere eigen karriere utanfor ektemannens politiske liv.

- Eg kunne vel ha halde meg heime og baka kaker og arrangert teselskap, men eg bestemte meg for å halde fast ved advokatgjerninga, som eg byrja med før mannen min blei ein offentleg person, uttalte Hillary Clinton i 1992, då ektemannen Bill tok til på sin første presidentperiode, til stor jubel frå amerikanske kvinneaktivistar.

Men ifølgje nettavisa Salon skal feministane ha endra si oppfatning av Clinton den siste tida.

Den kjende skodespelaren Susan Sarandon, som framleis blir hugsa for innsatsen i den feministiske roadmovien «Thelma and Louise», skal ha karakterisert Hillary Clinton som «ein stor skuffelse». Ho skuldar Clinton for å ha svikta si tidlegare så radikale og progressive politiske haldning til fordel for ein meir forsiktig sentrumstilnærming.

«Det plagar meg at ho stemte for invasjonen av Irak», skal Sarandon ha uttalt. «Det var modige menneske som ikkje gjorde det. Ho er ikkje verre enn andre politikarar, men eg hadde håpa ho ville vere betre.»

Hillary Clinton trekkjer fram morsrolla og speler på tradisjonelle kvinnelege verdiar, ein strategi som får blanda mottaking blant amerikanske feministar. (REUTERS / John Gress / Scanpix)Hillary Clinton trekkjer fram morsrolla og speler på tradisjonelle kvinnelege verdiar, ein strategi som får blanda mottaking blant amerikanske feministar. (REUTERS / John Gress / Scanpix)

Susan Sarandon og fleire med ho hadde altså håpa på noko betre då Hillary Clinton blei New Yorks representant i Senatet og for alvor byrja å markere seg i amerikansk politikk. Men Clinton har vist seg å vere til dels rund i kantane, slik ein gjerne må vere når ein rører seg i det politiske landskapet.

Fleire feministar har også kritisert Clinton si vektlegging av tradisjonelt kvinnelege verdiar, og meiner at ho med det gjentar stereotype oppfatningar om at kvinnelege politikar vil vere meir familieretta og ha mjukare prioriteringar enn mannlege politikarar.

Nina Berven ved Institutt for samanliknande politikk i Bergen, har forska på kjønns- og familiepolitikk i USA. Etter hennar meining er det svært sannsynleg at Hillary Clinton vil vinne dei innleiiande rundane og bli Demokratane sin kandidat til valet i 2008.

- Fordelen med Hillary er at ho er kjend frå før, seier Berven til Neste Klikk.

- Ho vinn også på at ho gjer seg sjølv rundare i kantane. Ho fokuserer på det at ho er mor, noko som er uvanleg i amerikansk politikk, og som difor er spennande. Dei har ikkje den familievenlege politikken vi har i Noreg og Europa. Det finst ikkje offentlege barnehagar, til dømes.

Berven er usikker på om Hillarys fokus på familiepolitikk og helse er «ektefølt» eller rein strategi.

- Eg trur nok ho meiner det, men det er klart, i USA trekkjer alle politikarar mot sentrum når det nærmar seg val, for å trekkje til seg flest mogleg veljarar, det er typisk.

Også Gunnar Grendstad, førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen med amerikansk politikk som forskingsfelt, har stor tru på Hillary Clinton.

- Veljarane aksepterer at sjølv kvinnelege politikarar har mjukare sider, det er ikkje lenger noko ulempe, meiner Grendstad.

- Det stemmer dessutan ikkje at Hillary Clinton nødvendigvis skal ha vore så mykje meir radikal ungdommen. Ho støtta til dømes den konservative, republikanske presidentkandidaten Barry Goldwater i 1964.

- Clinton er eit stort politisk talent. Ho er like ærgjerrig, målmedviten og viljesterk som ektemannen. Ho har dessutan erfaring frå to tidlegare presidentkampanjar, og ho er ein dyktig nettverksbyggjar. Eg trur ho vil bli Demokratane sin kandidat, og ho vil også ha store moglegheiter til å vinne heile valet.

Sjå videoen der Hillary Clinton annonserer sitt kandidatur.
Heimesida til Hillary Clinton.


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus