EU-million til Bryggen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bryggen i Bergen er eitt av sju fleirnasjonale prosjekt med norsk leiing eller deltaking som har fått lovnad om støtte frå kulturprogrammet til EU. Støtta til stiftinga Bryggen er på vel ein million k

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Bryggen er eitt av sju prosjekt med norsk leiing eller deltaking som har fått lovnad om støtte frå kulturprogrammet til EU. Foto: Inge Gjellesvik, NTB / SCANPIX Bryggen er eitt av sju prosjekt med norsk leiing eller deltaking som har fått lovnad om støtte frå kulturprogrammet til EU. Foto: Inge Gjellesvik, NTB / SCANPIX

Universitetet i Oslo, Vikingmuseet på Borg i Lofoten og Jazzfestivalen i Molde er nokre av dei andre prosjekta med norsk deltaking som har fått støtte. Felles for desse prosjekta er at dei blir leia av personar i utlandet.

Fem får bokstøtte

Fem norske forlag kan gle seg over til saman litt over to millionar kroner i støtte til omsetjing av europeiske forfattarar til norsk. Dei fem norske forlaga er Gyldendal Norsk Forlag, Aschehoug, Cappelen, Pax og Spartacus.

Dei fire første har fått EU-støtte fleire gonger tidlegare, men Spartacus får i år EU-støtte for første gong.

- Støtta deira skal nyttast til å omsetja bøker innan europeisk humaniora, medan dei andre forlaga får støtte til å omsetja nyare europeisk skjønnlitteratur, fortel rådgjevar i Norsk Kulturråd, Astrid Bjerke. Ho er nasjonal kontakt for kulturprogrammet til EU i Noreg.

11 millionar til norske forlag

Bjerke fortel at norske forlag har vore flinke til å få midlar frå kulturprogrammet til EU.

- Sidan prosjektet starta i 2000, har norske forlag fått rundt 11 millionar kroner i støtte, seier Astrid Bjerke. (NPK)