Grammatikk-jenta gir kjappe skrivetips

Ei nokså nerdete språkspalte har blitt ein fulltreffar på nettet.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Grammatikk er spennande! Det er Grammar Girl eit bevis på, heile 1,3 millionar har lasta ned leksjonane hennar om rett språkbruk.Grammatikk er spennande! Det er Grammar Girl eit bevis på, heile 1,3 millionar har lasta ned leksjonane hennar om rett språkbruk.

Mignon Fogarty (39) har gjort stor suksess på nettet med små leksjonar om noko så kjedeleg som grammatikk.

Heile 1.3 millionar har lasta ned dei små lydfilene, eller podkastane som det heiter, der ho auser av kunnskapen sin. Faktisk låg programmet ei stund på andreplass over dei mest populære podkastane på iTunes.

Bad eller badly


Alt frå amerikanske direktørar til kinesiske skolebarn har høyrt Fogarty forklare til dømes skilnaden mellom adjektivet bad og adverbet badly, kor ein skal setje punktum, eller kor ein bruker who og kor det passar betre med that.

Fogarty har sitt eige firma der ho jobbar med teknisk dokumentasjon og helseartiklar, men passar på å publisere ein Grammar Girl-snutt så ofte ho får tid.

Forbetre engelsken


Ifølgje Fogarty sjølv er

Grammar Girl's Quick & Dirty Tips for Better Writing

meint for både engelskstudentar, skribentar, lærarar og dei som lærer engelsk, anten det er som førstespråk eller framandspråk. Ho har heilt sikkert også noko å lære bort til nordmenn som vil forbetre engelskkunnskapane sine.

Det finst også norske, interaktive nettressursar for dei som vil bli betre i norsk. Til dømes Lexin, interaktive ordbøker for innvandrarar. Her kan ein blant anna lære kva dei forskjellige kroppsdelane heiter på nynorsk.Det finst også norske, interaktive nettressursar for dei som vil bli betre i norsk. Til dømes Lexin, interaktive ordbøker for innvandrarar. Her kan ein blant anna lære kva dei forskjellige kroppsdelane heiter på nynorsk.

Her heime gjorde Peter Schjerven det veldig bra med språkprogrammet

Typisk norsk

som gjekk på NRK.

Språkteigen

på NRK1 er også eit populært program, der mange skriv inn og lurer på korleis ein eigentleg skal skrive.

Spennande

Marit Hovdenak hos

Språkrådet

syntes det var litt overraskande at Typisk Norsk fekk så god respons, sjølv om ho sjølvsagt meiner at grammatikk er spennande.

- Det verkar som om folk har blitt meir opptekne av språk. Det kan jo vere fleire grunnar til det. Til dømes trur eg språkopplæringa og lærebøkene har utvikla seg og at det blir brukt nye metodar som gjer det meir spennande å lære språk. Elevane blir no meir oppmuntra til å skrive sjølv, og til å oppdage språket istaden for berre å pugge reglar.

Ho har sett litt på Grammar Girl sine språktips, og fortel at det ho fortel om liknar veldig på det folk ofte spør språkrådet om.

- Folk spør oss mykje om teiknsetting, som kommareglar og bruk av apostrof og bindestrek. Vi får også spørsmål om ord som liknar på kvarandre men blir brukte forskjellig, sånn som liggje og leggje.

Interaktive norsktips


Språkrådet har ikkje noko podkast-spalte som Grammar Girl, men dei skulle gjerne ha hatt fleire interaktive og underhaldande innslag på nettsidene sine.

- Vi har jo nokre slike innslag, som eit

interaktivt nynorskkurs

,

video av ein som snakkar ur-nordisk og norrønt

og

interaktive ordbøker for innvandrar.

Språkrådet merkar at det hjelper å gjere språkopplæringa meir underhaldande, men det er som alltid eit spørsmål om ressursar, seier Hovdenak.

Tilslutt kjem ho med eit tips til dei som synest at podkast er eit merkeleg ord og gjerne ville hatt eit norsk alternativ.

- Nettkast eller nettkasting har vi føreslått. Det dreier seg jo om kringkasting som går føre seg på nettet.


Kjelder:


Meir om språk på nettet:



Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus