Slutt på små storleikar

Artikkelen fortsetter under annonsen

Spanias klesforhandlarar vil no endre storleikane på kvinnekleda slik at dei reflekterer den faktiske storleiken til dei spanske kvinnene. Og utstillingsdokkene skal få meir kjøt på beina.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

I Spania skal utstillingsdokkene no få normale menneskelege mål. (Foto: http://www.flickr.com/photos/photocapy/)I Spania skal utstillingsdokkene no få normale menneskelege mål. (Foto: http://www.flickr.com/photos/photocapy/)

Dei største moteforhandlarane i Spania har gitt etter for presset frå spanske styresmakter og har gått med på å standardisere storleiken på kleda slik at dei er betre tilpassa spanske kvinner.

Ifølgje BBC er det frykta for at dei unaturleg små storleikane skal påverke kroppsbiletet til unge jenter slik at dei utviklar eteforstyrringar, som ligg bak forslaget.

Det skal vere ei kjelde til frustrasjon både for kundar og butikkpersonale at spanske kvinner må ta med seg ei stor mengde klede inn i prøveromma, fordi dei aldri kan vite kva for storleik som vil passe eller om noko vil passe dei i det heile.

Det nasjonale forbrukarinstituttet i Spania skal for første gong ta mål av meir enn 8.000 spanske kvinner i alderen 12 til 70 år. Dei spanske motehusa vil så forsøke å tilpasse kleda sine til kvinnene, og ikkje omvendt - som er det vanlege. Tiltaket skal vere gjennomført innan 2008.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Spania har også tidlegare tatt opp kampen mot sjukeleg tynne kroppsideal og eteforstyrringar. Under moteveka i Madrid september i fjor innførte landet forbod mot ultratynne modellar på catwalken.

Utstillingsdokker med normale proporsjonar


Moteforhandlarane har også gått med på å dekorere butikkvindauga med større utstillingsdokker.

Landets helsedepartement skildrar dei noverande ustillingsdokkene som «uverkelege dokker med utanomjordiske mål», og fryktar dei kan ha innverknad på unge jenters kroppsideal slik at dei risikerer å utvikle eteforstyrringar som anorexia nervosa.

Tiltaket er venta å påverke jenter og kvinner over heile verda, sidan internasjonale klesmerkje som Mango og Zara har underteikna avtalen.

Neste Klikk var i kontakt med Zaras hovudkontor i Danmark, men dei hadde ikkje høyrt noko om avtalen og kunne difor ikkje uttale seg om dette var noko som ville få innverknad på norske storleikar og norske utstillingsdokker.