Frank Schätzing: «Svermen»

Ein norsk kjekkas-professor i hovudrolla, ein tsunami som raserer heile norskekysten frå Stavanger til Trondheim samt ein til no ukjend intelligens med onde planar for menneska, er berre nokre av ingr

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Svermen»


Frank Schätzing
Originaltittel: «Der Schwarm»
Omsett av Kari Bolstad
(Aschehoug 2007, 987 sider)

Visste du at det lever millionar av børstemark i alle slags fargar og former på havbotn? Eller at gråkvalen får i seg næring ved å pløye gjennom sand og mudder på grunna, for så å filtrere ut mark og tanglopper? Slik unyttig trivia (eller nyttig, avhengig av auga som ser) får ein med seg som ein bonus når ein les Frank Schätzing sin murstein av ein miljøthriller.

Boka startar med ei rekkje underlege naturfenomen som opptrer til om lag same tid, ulike stader på kloten. Ein ny type børstemark lagar trøbbel for Statoils oljeboringsplanar i Nordsjøen; elles fredsame kvalar er forvandla til skrekkinngytande drapsmaskinar som går til åtak på båtar og menneske utanfor vestkysten av Canada; giftmaneter drep badegjester langs strendene i Sør-Amerika; krepsdyr utstyrt med mordaralgar eksploderer på finare franske kjøken og spreier deretter død gjennom drikkevatnet; kort sagt: havet går av hengslene.

Som paralysert stirret han på spekkhoggerne som kom farende. Noe i ham protesterte. Aldri før hadde en spekkhogger i vill tilstand angrepet et menneske. Spekkhoggere forholdt seg nysgjerrig, vennlig eller likegyldig overfor mennesker. Hvaler angrep ikke båter. Det gjorde de bare ikke.

Fleire handlingstrådar er fletta saman i romanen. Blant anna følgjer vi den norske professoren Sigurd Johanson, marinbiolog ved NTNU, og hans makker Tina Lund frå Statoil. Dei samarbeider for å finne ut kva innverknad den merkelege børstemarken kan ha for framtidig oljeboring. Sigurd Johanson er kvinnebedårar, men samstundes ein innbarka einsam ulv - ein kjend skikkelse frå krimlitteraturen.

Forfattar Frank Schätzing. (Foto: Aschehoug)Forfattar Frank Schätzing. (Foto: Aschehoug)

Fascinerande om knølkval og børstemark


Det er enorme mengder naturvitskapleg fakta i «Svermen», noko som fører tankane over på ein annan naturthriller, nemleg Peter Høegs «Frøken Smillas fornemmelse for snø» frå 1992. Der handlar det om snøkrystallar og kulde, her går det i børstemark og knølkvalar. Ikkje mindre interessant dét, men for ei som hang med sånn cirka fram til fotosyntesen i naturfagstimane på skulen, er det ikkje til å stikke under stol at mykje av denne kunnskapen er litt vel tungtfordøyeleg stoff.

Likevel går sidene unna, ikkje minst fordi dette er nervepirrande lesing, slik gode thrillarar skal vere. Å lese om havdjupet gir litt same kjensla som ein får når ein les om verdsrommet: det er skremmande fordi vi ikkje veit kva det skjuler.

Kva slags liv eksisterer eigentleg på elleve tusen meters djup? Det veit forskarane fascinerande lite om, noko som har gitt næring til skrekkskildringar som til dømes Jules Vernes kjempeblekksprut i «En verdensomseiling under havet». Schätzing speler på den same frykten, også her handlar det om ukjend liv på havbotnen - nærmare bestemt ein planleggjande intelligens med lumske planar for menneska.

Romanen speler på menneskets kollektivt dårlege samvit for dei skadane vi har påført jordas økosystem. Her hemnar naturen seg, menneska blir straffa for klimagassutslepp og forgifting av havet. I bakgrunnen skimtar ein Gaia-teorien til den britiske biokjemikaren James Lovelock, som i ein viss forstand går ut på at menneska er skadelege for jorda og at naturen difor vil prøve å kvitte seg med oss.

Katastrofefilm-materiale


Actionscenane er mange. Det er nesten som ein mistenkjer forfattaren for medvite å ha skrive boka med Hollywood for auge - her osar det katastrofefilm lang veg.

Foran dem ble det mørkt. Ingen himmel var lenger å se gjennom vinduet i cockpiten, ingenting annet enn bølgefronten. Den fylte synsfelten til alle kanter, fosset mot dem i rasende fart. De hadde skuslet bort sjansen sin. Alle muligheter var ødelagt. [...] Tsunamien brølte og skrek. I neste øyeblikk ble helikopteret skaket av et fryktelig slag, og Johanson ble slynget mot sideveggen, like ved den åpne døra. Vann klasket ham i ansiktet. Hodet smalt mot veggen, og han så mørkerøde lyn.

Og film skal det også bli, Uma Thurman har alt kjøpt rettane.

Tusen sider med rå action og harde fakta om hav og klima - snakk om å ta samtida på pulsen. Romanen har alt selt i over tre millionar eksemplar, og vil garantert få mange lesarar også i Noreg. Det er heilt greitt, for dette er ei god bok, og Kari Bolstad har gjort eit imponerande stykkje omsetjingsarbeid, verken meir eller mindre.

Frank Schätzing

er fødd i 1957 i Köln. I tillegg til å vere forfatter, er han kreativ leiar i eit reklamebyrå, musikar og musikkprodusent. Han er også utdanna dykkar. Schätzing har skrive seks romanar. «Svermen» er hans siste bok. Ho har lege meir enn to år på dei tyske bestseljarlistene og har selt i over 3 millionar eksemplar.

Rettane til filmen er kjøpt av Uma Thurman og dei tyske produsentane Ica og Michael Souvignier.

Kjelde: Aschehoug.

Meir litteratur i Neste Klikk:

Bokmeldingar
Litteratur
Forfattarportrettet

Litteratur på Startsida.no


Mer fra ABC Nyheter
Siste fra forsiden

Velkommen til debatt

ABC Nyheter ønsker velkommen til debatt om det meste. Men vi krever at du er saklig og viser respekt for menneskene sakene handler om og dine meddebattanter. Regler for kommentering finner du her.

Tor Strand, redaktør.

comments powered by Disqus