Du får ikkje svar hos kommunen

Artikkelen fortsetter under annonsen

Berre halvparten av 120 kommunar finn det bryet verd å svara på spørsmål frå publikum. - Kommunane har ein ryddejobb å gjera, seier leiar i Kommunanes Sentralforbund (KS), Olav Ulleren.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Olav Ulleren er ikkje nøgd med at kommunane har dårlege e-postrutinar. (Foto: cf-wesenberg@foto.no/KS)Olav Ulleren er ikkje nøgd med at kommunane har dårlege e-postrutinar. (Foto: cf-wesenberg@foto.no/KS)

Kommunenoreg vil kommunisera med innbyggjarane sine elektronisk. I 2009 skal så godt som alle oppgåver løysast gjennom nettet.

Nedslåande


I ei kartlegging utført for Neste Klikk av Norsk Plan AS, kjem det fram at berre halvparten av kommunane som er spurde, vel å svare på tre enkle spørsmål på e-post.

- Forbrukarrådet gjorde ei liknande undersøking for ei tid sidan som óg viste dårleg svarprosent. Dei resultata som no kjem fram, er meir nedslåande enn sist, og det må takast på alvor, seier Ulleren.

Kommunane har gode rutinar for å handtera tradisjonell post, men det synest som ei utfordring for kommunane å handtera post elektronisk.

- Rutinane er for dårlege og det er nok slik at mange til no har sett på elektronisk post som ein uformell kommunikasjonskanal, meiner KS-leiaren.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Sviktar forventningane


Det er det slett ikkje, og det er viktig at kommunane sett denne oppgåva på dagsorden slik at alle kommunar kan innføre den elektroniske kommunen innan 2009, meiner Ulleren.

- Då skal det meste av oppgåvene mellom kommune og innbyggjar løysast på nett.

Frank Fardal i Noreg.no, som arbeider for at innbyggjarane av offentlege tenester skal få betre rettleiing, er ikkje overraska over resultatet som kjem fram i kartlegginga.

- Resultatet er ikkje oppløftande og kan langt på veg vera ein trussel mot haldninga til det offentlege tenestetilbodet. Innbyggjarane må forventa å få svar når ein vender seg til ein offentleg instans. Når halvparten lar vera, er dette slett ikkje bra i forhold til kva ein kan venta av demokratiet.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Lite nøgd


Kartlegginga viser at det er liten skilnad på om kommunen er liten eller stor. Kommunar som Eidfjord og Ulvik svarer på kartlegginga, mens Modalen og Stordal kommune har sett bort frå spørsmåla som er stilte.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Større kommunar som Ørsta, Førde og Stord svarer, mens Fjell og Volda lar vera. Varaordførar i Fjell kommune Espen Villanger (Ap) er lite nøgd med det som kjem fram.

- Me får mange spørsmål til postmottaket vårt og ikkje alt blir svart på, men då skal me gjera greie for kvifor kommunen lar vera å svara, seier varaordføraren.

- Kartlegginga viser at Fjell sitt postmottak har svikta, og det er tydeleg at me treng å ta fatt i utfordringa slik at me gir svar til dei som vender seg til kommunen.