Overlevde haiangrep med eit naudskrik

Artikkelen fortsetter under annonsen

Den australske dykkaren Eric Nerhus blei angripen av ein enorm kvithai då han var ute og dykka tidlegare i dag.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: www.flickr.com/creativecommons)(Foto: www.flickr.com/creativecommons)

Eric Nerhus var ute og dykka med sonen sin og nokre vener utanfor den australske sørkysten då haien gjekk til angrep, melder The Times.

Haien skal ha glefsa til rundt hovudet hans slik at dykkermaska knuste og nasa knakk. Med blodet rennande frå såra og ute av stand til å sjå, skal Nerhus ha forsvart seg ved å stikke haien i auga med meiselen han hadde med seg for å fange fisk og skalldyr.

Men kampen var enno ikkje over. Då Nerhus prøvde å symje mot land, gjekk haien til angrep på ny og beit dei kraftige kjevane sine rundt livet på den stakkars mannen. Bittet skal ha forårska store flengjer på sidene og brystet hans.

Mirakuløst nok klarte dykkaren å frigjere seg frå haikjevane og blei hala om bord i båten av sin 25 år gamle son.

Nerhus blei flogen til sjukehuset der han no er innlagt med knekt nase, store blodtap og i sjokk. Tilstanden hans skal vere alvorleg, men stabil. Ifølgje legane er han heldig som slapp frå det med livet i behald.

Vitne fortel at haien tok eit godt tak rundt hovudet til dykkaren:

- Haien svelgde faktisk heile hovudet hans, seier ein ven av Nerhus, Dennis Luobikis, som var vitne til dramaet.

Livvesten som australiaren hadde på seg tok mykje av støyten for bittet, og kan ha redda livet hans.