Rå film om tøffe jenter

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regissør Hanne Myren ville lage ein dokumentar om tøffe jenter. Ikkje om dei sjenerte, snille og søte, men om ekte «bad-ass girls» som lagar bråk og tar plass og verkeleg ropar for å bli høyrt.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Iselin og Mahsa er to uredde og tøffe jenter. I byrjinga av filmen er dei bestevenninner. (Foto: Oro Film)Iselin og Mahsa er to uredde og tøffe jenter. I byrjinga av filmen er dei bestevenninner. (Foto: Oro Film)

Mahsa og Isse går i 9. klasse på Ruseløkka skole og dei er bestevenninner. Dei bryr seg ikkje om kva andre måtte tenkje, dei hyler, fniser og flørter. At folk ler av dei på gata, gjer ingenting. Saman er dei udødelege.

- Eg ville finne dei kulaste jentene,
og Mahsa og Iselin var så sterke. Saman utstråla dei ei utruleg kraft, ein udødeleg energi, som sjølvsagt kan vere farleg om den blir brukt feil, seier regissør Hanne Myren (33).

Neste Klikk har møtt ei av landets best etablerte dokumentarfilmskaparar på Filmens hus i Oslo. Det er travle tider. 2. februar har «Jenter» premiere over heile landet, og det er mange som vil ha ein bit både av jentene i filmen og kvinna som står bak. Den uvanlege dokumentaren har allereie fått ein del medieomtale og er forventa å skape sterke reaksjonar.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Kven har makta i jentegjengen?


- Eg hadde lyst til å finne ut kvifor ein har så sterke konfliktar i den alderen. Eg ville lage ei slags maktutgreiing i eit jentemiljø, om du vil. Kven har makta blant jentene, og kvifor? Og kva hersketeknikkar brukar dei seg imellom? Tenåringsjenter kan vere så utruleg slemme med kvarandre.

Myren understreker at det også handlar om det reint fysiske. Til dømes då Isse kjem hand i hand med ei ny bestevenninne første skuledag etter sommaren, og slik markerer avstand til Mahsa.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Ingen av jentene er onde. Det handlar om at dei vil finne seg sjølv, eit fellesskap og ein tryggleik, understreker Myren, og trekkjer fram Iselin, som tydeleg endrar identitet i løpet av filmen. Ho går frå å vere blond og rosa til å bli mørk og dyster. Ho vil skilje seg ut. Dette gjer dei andre jentene i filmen redde, og dei forsøker å fange ho inn igjen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regissør Hanne Myren har satt søkjelyset på makt- og intrigespelet mellom tenåringsjenter i sin nye dokumentar. (Foto: Kari M. Hestad)Regissør Hanne Myren har satt søkjelyset på makt- og intrigespelet mellom tenåringsjenter i sin nye dokumentar. (Foto: Kari M. Hestad)

I halvanna år følgde Hanne Myren og staben hennar dei tøffe tenåringsjentene. Som eit usynleg auge følgjer kameraet dei inn i skulegarden, på fest og i fortrulege venninnesamtalar - scenario der vaksne elles ikkje har tilgang. Kinopublikummet får også vere vitne til eksperimentering med alkohol og hasj.

- Eg arbeidde nærmast som ein naturfotograf, ler Myren.

- Det handla om å vere til stades og observere, og då opptaka var over satt eg igjen med 250 timar råmateriale.

Dette er alderen då alt skal prøvast ut for første gong.

- Ungdom drikk og røykjer, det blir forventa av deg i tenåra. Sjølv kjem eg frå eit frikyrkjemiljø, og eg var absolutt ikkje så tøff som jentene i filmen då eg sjølv var femten. Du kan gjerne seie at eg har laga film om dei jentene eg var misunneleg på den gongen. Sjølv var eg kjempesjenert, og gjekk rundt og var avstandforelska i fire år utan å gjere noko med det, seier regissøren og ler.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Hore» og «fitte»


Det er den barske språkbruken til jentene og deira seksuelt utfordrande veremåte som er forventa å sjokkere mest med denne filmen. «Hore» og «fitte» er ord som går igjen - og som jentene reagerer svært sterkt på om det blir sagt av gutane. Men jentene brukar også desse orda sjølve, og ikkje berre som skjellsord. «Du din fitte», seier til dømes Mahsa til ei god venninne, nærmast som ei kjærleikserklæring.

- Mahsa brukar dette språket først og fremst fordi ho synst det er gøy å provosere. Ho var inne i ein svært turbulent periode i livet på denne tida, ho blei ikkje godtatt som ho var av dei andre jentene og reagerte med å bli endå meir ekstrem, forklarar Myren.

Ifølgje regissøren handlar filmen også om klasseskilnader, og ikkje minst kulturskilnader. Mahsa hatar «sossevraka», som ho kallar dei. Og Frogner-jentene distanserer seg frå Mahsa ved å karakterisere ho som «østkant».

Artikkelen fortsetter under annonsen

Mahsa og Julie. Mahsa er inne i ein opprørsk periode då filmen blei laga, og kjem i trøbbel både med lærarane og jentene i klassa. (Foto: Oro Film)Mahsa og Julie. Mahsa er inne i ein opprørsk periode då filmen blei laga, og kjem i trøbbel både med lærarane og jentene i klassa. (Foto: Oro Film)

Ein av dei sterkaste augneblinka i filmen, er scena der Mahsa blir halden tilbake i klasserommet av læraren, og ho hyler at ho vil «ta stolen og kline den i trynet på deg» om han ikkje slepp ho ut. Ei svært trugande scene med masse aggressivitet.

- Vi vurderte å slå av kamera då dette utvikla seg. Det heile var svært intenst, lydmannen såg ein annan veg, sjølv stirra eg i golvet og fotografen gøymde seg bak linsa. Men eg var ikkje redd, for eg trudde aldri at ho ville gjere alvor av det.

Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det som gjorde desse jentene så tøffe, var at dei hadde oppdaga seksualiteten. Mahsa og dei andre jentene speler heilt medvite på kroppen. Dei har oppdaga at dette gjer dei makt, seier Myren.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Ho fortel at det blei ei utfordring å få fram kor unge desse jentene eigentleg var:

- Dei kledde seg så vaksent og spelte så tydeleg på kropp og seksualitet,
noko som gjorde det lett å gløyme at dei berre var 14-15 år. Eg merka det på blikka som vaksne menn sendte dei. Dei kunne nistire på jentene heilt openlyst. Då fekk eg lyst til å gå bort til dei og sei frå om at jentene berre var 14 år.

Handlingar er sterkare enn ord


- Kva reaksjonar har du fått på filmen hittil?

- Enkelte trur det er ein fiksjonsfilm, og rosar dei «utruleg sterke rolleprestasjonane» og slikt, ler regissøren.

- Andre opplever at dei kjenner seg igjen, dei hugsar korleis det var å vere tenåring. Og så har du dei sjokkerte vaksne, som utbryt «kva er det med ungdommen i dag» og slike ting.

- Men eg håpar filmen vil føre til debatt. Og helst blant ungdommen sjølv. Marerittet hadde vore «Holmgang» med gravalvorlege politikarar som lovar meir pengar til skulane og slikt. For det er jo ikkje der problemet ligg.

Artikkelen fortsetter under annonsen

«Jenter» har ingen forklarande voice-over eller tekst som forklarar og analyserer, det er heller ingen intervju og få nærbilder i filmen.

- Eg har forsøkt å lage ein open film. Det er opp til publikum å tolke det dei ser. Handlingar er sterkare enn ord. Dét er tanken som ligg bak. Eg ville vri minst mogleg på røyndommen. Publikum skal få lov til å tenkje sjølv, seier Myren.

Dokumentaren

«Jenter»

har premiere fredag 2. februar og skal lanserast på kinoar over heile landet. Sjå trailer for filmen her.

«Jenter» er Hanne Myrens første kinofilm. Saman med fire venner driv ho produksjonsselskapet Medieoperatørene. Ho har produsert til saman 20 dokumentarar og kortfilmar tidlegare, blant andre «Mannen som elsket Haugesund», «Hvor lykkelig går det an å bli?» og «Sandmann - historien om en sosialistisk supermann».