Heis for inkludering

Artikkelen fortsetter under annonsen

Regjeringa legg fram eit forslag om at alle nye blokkbustader med tre etasjar eller meir skal ha heis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Scanpix)(Foto: Scanpix)

(NPK): Til no har heis berre vore påkravd i blokker med fem etasjar eller meir. Heis skal gjere at rørslehemma blir betre inkluderte på bustadmarknaden. Med ei slik lovendring vil Noreg kome på linje med krava i dei andre nordiske landa.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga seier til Aftenposten at dei reknar med 4000 fleire bustader med livsløpsstandard. Installasjon av heis i ei blokk på tre etasjar skal koste mellom 90.000 og 100.000 kroner pr leilegheit.

Haga ser også nytteverdien av å installere heis i eldre bygg, men erkjenner at dette er eit langt lerret å bleike. (NPK)