Den politiske humoristen Art Buchwald er død
Buchwald døde onsdag kveld i heimen sin i Washington, melder Reuters.
Humoristen Art Buchwald er særleg kjend for den mangeårige spalta si i avisa «The Washington Post», der han skreiv sylkvasse, politiske kommentarar.
På eit tidspunkt var spalta hans publisert i heile 550 aviser. I 1981 vann han Pulitzer-prisen for si framifrå kommentator-verksemd.
Buchwald var fosterson av ein gardinfabrikant og vaks opp i Queens i New York. Han fullførte aldri high school og rømte heimanfrå 17 år gammal for å verve seg i marinen. Under andre verdskrig deltok han i to år i krigen om Stillehavet.
Etter krigen arbeidde han blant anna som journalist i Paris. Han var den einaste korrespondenten som fekk intervjue Elvis Presley personleg. Opplevingane med Elvis skildra han i den bestseljande boka «I'll always have Paris».
Då han returnerte til Washington blei han særleg kjend for å skrive politisk satire, som særleg råka dei amerikanske presidentane hardt.
- Det einaste eg bryr meg om, er å gjere narr av dei. Eg har ingen intensjonar om å uroe meg for kva som er bra for landet, sa Buchwald til Reuters i 1987, i eit intervju der han promoterte for boka «I don't think I remember».
Tittelen hadde han frå spalta han skreiv etter at president Ronald Reagan uttalte at han ikkje kunne hugse å ha signert ordra der han godkjende salet av amerikanske våpen til Iran.
Buchwald hadde nyresvikt, men sa nei til dialysebehandling i fjor og blei lagt inn på ein pleieheim. Han forventa å dø etter nokre få veker. Dette skjedde imidlertid ikkje, i staden blei rommet hans forvandla til ein samlingsplass for familien og gamle vener. Han levde lenge nok til å få skrive ei bok om denne erfaringa: «Too Soon to Say Goodbye», som kom ut i november.
Les den siste spalta til Art Buchwald, der han seier farvel til livet og forklarar at det er hans eige val å slutte med dialyse-behandlinga . Spalta blei skriven for over eitt år sidan, men blei ikkje publisert før no.
Kjelde: Reuters