Afrika møter klimakrisa på eksemplarisk vis

Artikkelen fortsetter under annonsen

Fleire afrikanske land ligg milevis framfor andre land når det gjeld å finne måtar å takle klimaendringane på, avslører ny rapport.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

(Foto: Michael Kamber, UNICEF / SCANPIX)(Foto: Michael Kamber, UNICEF / SCANPIX)

Afrika har slitt med ekstremvêr over lengre tid. Lange tørkeperiodar og flaum fører til tapte avlingar og matmangel, noko som har gjort det naudsynt for Afrika å møte klimakrisa umiddelbart.

Ifølgje nettportalen allAfrica.com skal fleire afrikanske land no ha tatt ei leiande rolle når det gjeld å finne måtar å møte dei store klimaendringane på.

Dei skal også kunne rettleie andre land og hjelpe dei med løysingar på korleis ein kan takle klimaendringar i framtida. Dette kjem fram i ein ny rapport ved amerikanske International Research Institute for Climate and Society (IRI) ved Columbia Universitet i USA.

Rapporten set søkjelys på lite kjende initativ som går føre seg i delar av Afrika, og vil bli presentert på toppmøtet for leiarar i den afrikanske unionen i Addis Ababa denne månaden.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

«Lysande førebilete»


Molly Hellmuth, ein forskar ved IRI, seier at rapporten vil openberre «lysande døme på korleis Afrika tilpassar seg eit varierande klima, ikkje i morgon, men i dag, noko som gjer dei betre rusta for klimaendringar.»

Rapporten skal vise korleis enkelte afrikanske land integrerer informasjon om klimaet i utviklinga og planlegginga, noko som gjer dei betre rusta til å takle klimafarer som flaum og tørke.

Undersøkingar frå fem ulike land og regionar - Etiopia, Malawi, Mali, Mosambik og Sør-Afrika - illustrerer strategiar som skal kunne adopterast av andre land.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Situasjonen i Mali skal til dømes kunne vere representativ for heile Sahel-regionen. Der arbeidar ein med å velje ulike avlingar og variere datoen for planting med auge for regnprognosar, noko som hjelper til med å sikre at det blir produsert tilstrekkeleg mengder mat.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Nøkkelen i dei vellukka strategiplanane er koplinga mellom tidleg varsling og eit risikoforvaltingssystem hos regionale og lokale personar, som helsepersonell og bønder.

Styresmakter og media speler også sentrale roller, særleg når det gjeld å spreie informasjonen rundt om på landsbygda.

Ifølgje rapporten skal det framleis eksistere gap mellom kunnskap og kommunikasjon. Den meterologiske informasjonen er framleis ikkje utnytta fullt ut, og bønder er ofte uvitande om produkt som kan hjelpe dei med å takle klimaendringane.

Kjelde: allAfrica.com

Les meir om klimaendringane i Neste Klikk:

EU planlegg dramatiske klimatiltak
- For seint for Afrika
Klimaendringer bidrar til smittespredning
Klimaendringar kan gje rabies i Noreg