Ankesaka mot suksessforfattaren Dan Brown har starta

To historikarar hevdar at heile seks kapittel i Dan Browns millionseljar «Da Vinci-koden» er reint plagiat. Førre rettsak tapte dei, no held kampen fram.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Det er klart for enno ein runde i striden rundt «Da Vinci-koden». Er tematikken i boka eit plagiat eller ikkje?Det er klart for enno ein runde i striden rundt «Da Vinci-koden». Er tematikken i boka eit plagiat eller ikkje?

Dan Brown vann rettsaka i april i fjor, då dommaren avgjorde at skuldingane om plagiat var for generelle og abstrakte til å bli omfatta av opphavsretten.

Tirsdag starta ankesaka mot forfattaren, melder Reuters.

Historikarane Michael Baigent og Richard Leigh, forfattarane bak «The Holy Blood and the Holy Grail» som Dan Brown etter deira meining skal ha kopiert frå, var begge til stades i London High Court då rettsaka starta i går.

Det er særleg seks kapittel i «Da Vinci-koden» dei to historikarane hevdar skal vere direkte henta frå deira eiga arbeid.

Dan Brown, som måtte vitne under den første rettsaka, er ikkje venta å vere til stades under ankesaka. Førre gong stod han sterkt på at romanforfattarar må kunne støtte seg på historiske verk utan å risikere å bli saksøkte.

«Da Vinci-koden» er ein av dei mest suksessrike romanar gjennom tidene, og har selt i over 40 millionar eksemplar verda over. I fjor kom også spelefilmen basert på boka.

Det er forlaget Random House som har gjeve ut både «Da Vinci-koden» og «The Holy Blood and the Holy Grail.» Sentralt i begge bøkene står tanken om at Jesus og Maria Magdalena skal ha hatt eit barn saman, at Maria flykta til Frankrike etter krossfestinga og at Jesu blodslinje skal ha overlevd fram til i dag. Dei knyter også Maria Magdalena til den heilage gral.

Ankesaka er forventa å vare fram til fredag. Dom vil bli felt seinare.

Personvernpolicy