Vern for verdas merkelegaste dyr

Artikkelen fortsetter under annonsen

London Zoo har innleia eit fredingsprogram som skal verne om verdas mest bisarre og uvanlege dyreartar.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

Artikkelen fortsetter under annonsen

Pygmeflodhesten er eitt av dyra som er inkluderte i det nye fredingsprogrammet til forskarane ved London Zoo. (Foto: www.fotoakuten.se)Pygmeflodhesten er eitt av dyra som er inkluderte i det nye fredingsprogrammet til forskarane ved London Zoo. (Foto: www.fotoakuten.se)

Sjeldne artar som pygmeflodhesten, tryneflaggermusa og slanklorien skal vernast i prosjektet til The Zoological Society of London (ZSL).

Unike dyr utan slektningar


Det er dyr med ei unik utviklingshistorie som i dag står i fare for å bli utrydda. Felles for artane som er med i programmet, er at dei har få nære slektningar, at dei er såkalla «genetisk distinkte» og at det er naudsynt med ein umiddelbar reaksjon for å hindre at dei skal døy ut.

Problema som desse artane står overfor, skal ha blitt ignorerte i tidlegare verneprogram.

- Dette er heilt spesielle dyreartar som er særleg viktige å ta vare på, men det har vore svært vanskeleg å integrere dei i tidlegare fredingsplanar, seier sjefsforskar for prosjektet Jonathan Baillie til BBC.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

- Det er det første fredingsprogrammet der vi har hatt høve til å gjere dette i ein global skala.

Årsaka til at dette no skal vere mogleg, skal vere at ein har utvikla eit taksonomisk «supertre» som viser slektskapet mellom dei ulike artane.

- No veit vi kva artar som er mest evolusjonsmessig distinkte eller særskilte, og så kan vi kombinere dette med trussel-status, seier dr. Baillie.

Forskarar har identifisert 564 artar som fell innanfor den nye definisjonen, og topp-100 av desse vil vere inkludert av fredingsprogrammet til ZSL.

Artikkelen fortsetter under annonsen
Artikkelen fortsetter under annonsen

Slanklorien er minst like sjeldan og verdifull som kunstverket Mona Lisa. (Foto: Sandilya Theuerkauf, Wynaad / www.commons.wikimedia.org)Slanklorien er minst like sjeldan og verdifull som kunstverket Mona Lisa. (Foto: Sandilya Theuerkauf, Wynaad / www.commons.wikimedia.org)

Minste pattedyret i verda


Tryneflaggermusa (Craseonycteris thonglongyai) er ein av artane som er tilgodesette i programmet. Denne flaggermusarten blir ikkje større enn 2,5 centimeter og er truleg det minste pattedyret i verda.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Arten skal vere den einaste gjenlevande i sin flaggermusfamilie, og forskarane trur at det kan vere 43 millionar år sidan han sist delte ein felles stamfar med ein annan art.

Sidan tryneflaggermusa blei oppdaga i 1974, har den stadig blitt uroa av samlarar og turistar. Men hovudtrusselen er skogsbrenninga som går føre seg nær den naturlege tilhaldsstaden deira i kalksteinsgrottene i det vestlege Thailand og søraustlege Burma.

Slanklorien (Loris tardigradus), som bur i Sri Lanka, er ein annan art som vil tene på fredingsprogrammet.

Ifølgje ZSL skal det vere funnen fossilar av slanklorien som stammar 20 millionar år tilbake i tid.

Slanklorien er truga av utrydding på grunn av avskoging. Miljøvernarar planlegg å gjenopprette den naturlege tilhaldsstaden hans og etablere korridorar mellom dei øydelagte delane av skogen.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Like sjeldne som Mona Lisa


Sjefsforskar Jonathan Baillie håpar at dette initativet vil skape merksemd kring den forfatninga som desse spesielle dyra er i.

- Desse dyra representerer ei fullstendig avstammingslinje. Å miste ein av desse artane, vil vere det same som å miste kunstmåleriet Mona Lisa.

Fredingsprogrammet er avhengig av pengegåver og donasjonar frå publikum. På nettsida til London Zoo skal ein kunne donere pengar til prosjektet, få siste nytt frå feltforskinga og dessutan lese bloggar frå miljøvernarar som er involverte i fredingsprosjektet.

Les meir om dyr i Neste Klikk
Dyr på Startsida.no