Dødeleg trekantdrama

I «Gjesten» viser Simone de Beauvoir vrengjebiletet av kjærleiksforholdet til Jean-Paul Sartre og serverer lesaren eit svart sjalusidrama in extremis.

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan innholde utdatert informasjon

«Gjesten»
Simone de Beauvoir
Originaltittel: «L'Invitée»
Omsett av Bente Christensen
(Pax forlag 2006, 445 sider)

Filosofen og forfattaren Simone de Beauvoir (1908-1986) er mest kjend for verket «Det annet kjønn», som framleis blir rekna for å vere eit av dei viktigaste feministiske verka i moderne tid. Men Beauvoir skreiv også ei rekkje skjønnlitterære tekstar: flotte romanar, noveller, teaterstykke og erindringsbøker, der det framleis står att fleire titlar som ikkje er omsette til norsk.

Men no har endeleg debutromanen hennar frå 1943, «Gjesten», kome i norsk utgåve.

«Gjesten» er ei medrivande og opprørande bok. Og interessant; ikkje minst på grunn av tidskoloritten.

Beauvoir gir ei svært levande skildring av kunstnarmiljøet i Paris like før utbrotet av andre verdskrigen. Det er som ein reint kan kjenne sigarettrøyken svi i auga, whiskyen rive i strupen og høyre det overveldande stemmesurret frå eit titals ulike tungemål, slik det må ha vore då kunstnarar frå alle verdshjørne braka saman på kafeane i Paris.

Frilynt seksualitet


Romanen vil også vere av interesse for dei som vil vite meir om det noko utradisjonelle og pikante kjærleiksforholdet mellom Simone de Beauvoir og Jean-Paul Sartre. «Gjesten» er nemleg ein såkalla nøkkelroman, basert på verkelege hendingar og personar.

Sentralt i boka står forholdet mellom forteljaren Françoise, teaterregissøren Pierre og den unge kvinna Xavière - eit trekantdrama som skal vere sterkt inspirert av det dramatiske forholdet mellom Beauvoir, Sartre og den russiske kvinna Olga Kosakievicz. Boka er også tileigna Olga.

Pierre og Françoise har eit ope seksuelt forhold, likt det Beauvoir og Sarte hadde i røyndommen. Dei krev ikkje monogami, men tillet den andre å ha kjærleiksaffærar på si. Det kjem fram at det hittil berre er Pierre som har nytta seg av denne moglegheita. Françoise sjølv er trufast. Ho går så fullstendig opp i Pierre, at ho manglar kjensla av å ha ein sjølvstendig identitet:

- Det er sant at vi er ett, tenkte hun med en plutselig følelse av kjærlighet. Det var Pierre som snakket, det var hans hånd som løftet seg, men hans holdninger og hans tonefall var en del av Francoises liv like mye som hans eget; eller det var snarere bare ett liv, og i sentrum var et vesen som man hverken kunne kalle han eller jeg, bare oss.

Françoise blir framstilt som ei særeigen, sterk kvinne. For den alminnelege lesar anno 1943 må levesettet hennar ha verka svært framand og ukonvensjonelt: Ho bur på hotell, ofrar seg fullt og heilt for skrivinga og arbeidet på teatret, er oppe om nettene og røykjer, drikk og diskutererer saman med kunstnarvenane sine og ser ikkje ut til å ha noko som helst problem med fridomspakta ho delar med mannen ho elskar.

Så kjem Xavière inn i handlinga og øydelegg idyllen.

Sjukeleg sjalusi og sanseleg lyst


Om ein høyrer til dei som likar å riktig velte seg i overdetaljerte analysar av andre sine utsegn og gestar, kva den-og-den kan ha meint med det-og-det, vil ein ha meir enn nok materiale å ta av i denne boka.

Alt Xavière seier og gjer, blir lada med meining i universet til Françoise. Frå å kjenne øm omsorg og sterk erotisk tiltrekning mot den andre kvinna, endrar dei positive, seksuelle kjenslene seg til å bli forbundne med sjukdom, fangenskap og død:

Xavière har «fangarmar», og hotellrommet hennar skildrar ho som «et drivhus der en frodig, giftig vegetasjon utfoldet seg, det var skjulestedet til en gal kvinne der den fuktige atmosfæren klistret seg til kroppen.»

I «Gjesten» gir Simone de Beauvoir ei meir pessimistisk framstilling av det fridomsidealet ho forfekta i andre tekstar. Her eit bilete av forfattaren og filosofen på hennar eldre dagar. (Foto: Scanpix)I «Gjesten» gir Simone de Beauvoir ei meir pessimistisk framstilling av det fridomsidealet ho forfekta i andre tekstar. Her eit bilete av forfattaren og filosofen på hennar eldre dagar. (Foto: Scanpix)

Sjalusi, seksualitet, hat, begjær, alt blir sausa saman i hovudet til den elles så stødige Françoise. Ho innser brått at det symbiotiske forholdet til Pierre ikkje handlar om gjensidig fellesskap; det er ho som har gått fullstendig opp i hans identitet og utsletta sitt eige sjølvbilete. Pierre har derimot levd for sin eigen del heile tida. I ei rekkje speglscenar kjem det fram at Françoise ikkje maktar å skape eit heilskapleg bilete av sitt eige andlet:

Françoise greide ikke å skjelne noen klar form i seg selv. [...] Françoise var bare klar over ansiktet sitt for å stelle det som en fremmed gjenstand [...]
- Jeg er ingen, tenkte Françoise.

Såleis gir denne romanen ei pessimistisk framstilling av det fridomsidealet Beauvoir forfektar i andre tekstar. Ikkje minst skildrar den eit mykje meir tradisjonelt kjønnsrollemønster enn det Beauvoir ideellt sett såg føre seg. Den seksuelle fridomen fungerer ikkje for nokon av kvinnene i denne romanen.

Det kan opplevast som svært tilfredsstillande å vere vitne til den djuptgåande dissekeringa av den menneskelege psyken som Beauvoir utfører i denne romanen. For kven er eigentleg Xavière? Ho framstår som underleg utflytande, i tankane tilFrançoise endrar ho stadig form og personlegdom. Kven sit på sanninga? Kva versjon av Xavière er den rette?

For ein lesar av i dag kan tematikken verke noko melodramatisk, overdriven og kanskje også enkel. Men boka er likevel lesverdig. Beauvoir var svært medviten om at ho ville blande filosofi og litteratur, noko som også i aller høgste grad skjer i denne boka.

Ei rekkje filosofiske diskusjonar kring kunst og sanning finn stad, som kva stilling kunsten skal ha når krigstrusselen nærmar seg - skal ein bruke tid på noko så unyttig som teater når verda står i brann? Ein relevant problemstilling også i dag.

Her kan du lese fleire bokmeldingar.

Meir litteratur i Neste Klikk:

Litteratur
Forfatterportrettet

Startsida litteratur


Personvernpolicy